JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

På tomannshandFeature

Mikkelsens metode

Mennesket Magnar Mikkelsen høyrer heime i Vest-Finnmark. Forfattaren Magnar Mikkelsen høyrer heime i den norske kanon. Akkurat no er ingen av dei heime.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magnar Mikkelsen, Lillehammer, juni 2023

Foto: Morten A. Strøksnes

45890
20230714

Bakgrunn

Magnar Mikkelsen

Fødd i 1938 på Veidnes i Laksefjorden i Vest-Finnmark.

Sidan debuten Ved det siste fjell i 1966 har han gitt ut om lag 15 eigne bøker i ulike sjangrar (dikt, noveller, romanar, reiseskildringar, historie, dokumentar).

Han har samla og redigert eldre nordnorske dikt og forteljingar og laga ei mengd reportasjar og annan journalistikk for aviser, magasin og TV.

Han står òg bak fleire «poetiske dokumentarfilmar».

redaksjonen@dagogtid.no

I fjor flytta Magnar Mikkelsen og kona Kari Pålsrud frå den vesle bygda Veidnes ved Laksefjorden i Vest-Finnmark til Øyer rett nord for Lillehammer. Da eg las dette i ei avis, at «diktarhøvdingen» hadde flytta, syntest eg det var dramatisk. Korleis er det for han, utan det nakne, opne finnmarksrommet rundt seg, tenkte eg. Der han hadde vakse opp og levd mesteparten av livet. Blant folk og landskapet han har skildra, alt det som er ein så integrert del av kvardagslivet og skrivinga hans.

Da dei flytta frå huset til ei sokkelleilegheit sørpå, måtte dei kaste 7,1 tonn papir i form av bøker, tidsskrift og arkiv. Det var 6000 bøker. Brev og delar av Mikkelsens privatarkiv, rundt 400 kilo, gjekk til Samisk arkiv i Kautokeino.

No sit han framfor meg, 67 år etter at han debuterte som forfattar, med vaktsame, intelligente auge, men med krykker ved sida av seg. Han påstår at det ikkje er særleg dramatisk, eigentleg, det å ha flytta frå Finnmark. Og han legg til at han ikkje liker uttrykket «diktarhøvding», fordi det er ein klisjé.

– Det gjer meg ikkje vondt, i alle fall, det å ikkje vere på Veidnes. Kari og eg har vore saman i over 50 år. Relasjonen mellom oss er den sterke basisen i livet. Vi kjedar oss ikkje. Men ok: Alt eg har skrive av verdi, er frå Finnmark. Veidnes er meg innvendig, heilt tvers igjennom. Eg er finnmarking og kan aldri bli noko anna. Dagane passerer flyktig forbi. Berre fortida er alltid til stades i livet vårt.

– I Nord-Noreg er det alltid rørsle i sjøen, i lufta, i vinden. I fjor haust, da vi kom, var det vindstille i tre månader. Snøen stabla seg opp på grankvistane. Eg trudde ikkje mine eigne auge. Eg er van med at alt blæs vekk om det ikkje er tjora fast. Om vi gløymde sikring av bøtter og slike ting, så kom det garantert ei rokksalving og tok det med seg. Båten min heldt det ikkje å dra på land og binde med tau. I tillegg måtte eg legge tunge steinar i botnen, så vinden ikkje skulle ta han. Nordpå snakkar folk høgare på grunn av vinden, og på grunn av avstandane må ein lære seg å snakke meir presist. Her følger eg med i lokalavisa for å danne meg eit inntrykk av kva som rører seg. Og det er ikkje spesielt interessant, det heller, seier Mikkelsen og trekker på skuldrene.

I Nord-Noreg er han kjend. Blant lesande og samfunnsinteresserte folk i same generasjon er han kjend for alle, og ofte blir han omtalt som «finnmarksforfattaren» Magnar Mikkelsen. Det er godt meint, og Mikkelsen er den som har skrive best om Finnmarks folk og landskap, og ikkje berre i sin eigen generasjon. Men samstundes kan slike merkelappar vere reduserande. For på same måte som ein profesjonell historikar ikkje er lokalhistorikar i bygdebokligaen om han skriv om Finnmark eller andre plassar, er Mikkelsen ingen heimstaddiktar eller lokal forfattar.

Sjølv om eg ikkje kjem frå ein bokleg heim, har eg kjent til han sidan ungdommen, i Sør-Varanger. I den vesle bokhylla vår var det ei poetisk bok med fotografi og tekstar frå Finnmark, med tittelen Sånt er livet. Eg hugsar at eg las ho som gut. Kan det vi har rundt oss, her i Finnmark, også skrivast om, sånn som dette, tenkte eg.

No, 40 år seinare, ser eg Finnmark som den mest poetiske, men minst omdikta regionen i Noreg. Og her har Mikkelsen boltra seg i snart 60 år. Med poesi, romanar, skodespel, operalibretto, ulike typar sakprosa, filmmanus, filmar og litterær journalistikk.

Spennet i tekstane er stort, frå det fint lyriske til hardtslåande politisk polemikk, men omdreiingspunktet eller navet i desse arbeida er nesten alltid Finnmark. Unntaka er boka Transit, ei skildring frå ei reise jorda rundt, pluss ei bok frå eit opphald hos den afghanske motstandsrørsla mujahedin i 1986.

– I heimen hadde vi berre to bøker: Bibelen og salmeboka. Mentalt sett voks eg opp på 1850-talet. Som så mange andre samar i Finnmark var mor mi læstadianar. Den einaste gyldige musikken heime var læstadiansk salmesong. Det er ein mørk, puritansk kristendom, der vi syndige menneske lever i dødsskuggens dal.

Sjølv med eit så pessimistisk livssyn i botnen: Hausten 1944 blei kanskje sjølv Eline Mikkelsen overraska over mørkeret som skulle oppsøke Veidnes og nesten alle fattige, men fredelege bygder og fiskevær heilt der oppe ved ishavet i Finnmark.

Tyske soldatar kom med store krigsskip inn fjorden, gjekk i land med bensinkanner og sette fyr på kvar einaste bygning, inkludert kyrkjer og gammar. Døde sauer låg og flaut i havet, og kyr låg spretta opp rundt branntomtene, lukta av grilla kjøt blanda seg med røyken frå alle brannane. Alle som tyskarane fekk tak i, blei evakuerte og sende på ei lang reise sørover i landet.

Magnar Mikkelsen fotografert av venen Kåre Kivijärvi (1938–1991) i Alta i 1965. Kivijärvi, som var frå Hammerfest, blir rekna som den første kunstfotografen i Noreg, og av mange som den største.

Foto: Kåre Kivijärvi

Som seksåring stod Magnar Mikkelsen oppe i fjellsida over Veidnesklubben og såg sin eigen heim og alle andre hus i bygda, og på begge sider av fjorden, bli fortærte av eld. Familien hadde då flykta opp i fjellet, inn i gammar, og vinteren nærma seg.

Berre 22 år seinare blei denne mest dramatiske enkelthendinga i heile Noregs historie skildra i Mikkelsens litterære debut: den kritikarroste romanen Ved det siste fjell (1966). Boka, som ser hendingane gjennom auga til fem år gamle Edvard, er skriven i eit poetisk, men konkret og nøkternt språk, utan sjokkeffektane som stoffet kunne innby til.

Sigbjørn Hølmebakks bok Fimbulvinteren, om då tyskarane evakuerte Finnmark (filmatisert som Brent jord), hadde komme to år tidlegare. Det er ikkje ei dårleg bok, men Mikkelsens er mykje tettare på. Som Nordlys-kritikaren skreiv i meldinga då boka kom ut: «Han kjenner folket og han kjenner tonen og lynnet hos det. Dette har han greid å fange inn, jeg hadde nær sagt, på mesterlig måte.»

– Våren 1966 sette eg meg ned, på hybelen i Hammerfest. Det var ein god del drikking på den tida, men eg stengde meg inne og var edru i 47 dagar mens eg skreiv historia. Eg nytta journalistmetoden, med korte kapittel. Boka er ei gjenforteljing av det eg opplevde den hausten, eller kanskje heller ein dokumentasjon av det eg gjenopplevde da eg skreiv boka. Ho er sann på den måten at ho ikkje prøver å vere episk, som i ei lang samanhengande forteljing. Eg laga minneglimt. Mykje av verdien ligg i skildringa av plasseringa bygda har i naturen ho er omgitt av.

– Opplevingane må ha vore eit stort traume. Eg tenker at i dag ville det automatisk kvalifisert til fleire diagnosar og langvarig behandling hos krisepsykologar...

– Men slik tenkte sjølvsagt ikkje eg som seksåring i 1944 i den situasjonen. Eg hadde berre levd på Veidnes, det var alt eg kjende av livet. Under hendingane registrerte og observerte eg, sjølvsagt utan å forstå alt. Dei personlege opplevingane mine blei jo også supplerte av det eg høyrde av naboar etter krigen.

Tæring og læring

No har du kanskje spurt deg sjølv: Korleis har det seg at ein ung mann av sjøsamisk ætt, frå ein fattig og boklaus heim plassert i periferien av den finnmarkske periferien, i ei bygd der det på 1960-talet berre var ei handfull fiskarar og småbrukarar, der ingen fekk meir enn sju års skule, greidde å bli ein kritikarrost skjønnlitterær forfattar på Cappelen som 28-åring?

– Sommaren 1952, då eg var 14 år gammal, stod eg og slo gras med ljå på eit jorde. Plutseleg fekk eg feber og blei heilt kraftlaus. Eg greidde så vidt å kreke meg heim att frå slåttemarka. Bror min og far min frakta meg med sjarken over fjorden til Lebesby kyrkjestad, der legeskyssbåten kom og henta meg utpå kvelden, for å ta meg vidare til Kjøllefjord. Da sjarken tøffa tilbake ut fjorden, og eg stod igjen... Det var den første store, harde opplevinga i livet mitt, fortel han.

– I Kjøllefjord fann dei med ein gong ut kva som feila meg. Eg hadde fått tuberkulose med pleuritt, brysthinnebetennelse, og blei lagd inn på sjukestua. Etter ei stund fekk eg måle temperaturen sjølv, eg skulle føre han inn i skjemaet som hang ved fotenden av senga. Utover vinteren steig feberen gradvis. Men eg juksa og teikna kurva nedover. Eg håpa at dette skulle få dei til å sende meg heim igjen, seier Mikkelsen.

Han var eldste son i ein stor familie. Mora Eline fødde elleve barn, og ni av dei voks opp (tre brør og to systrer av Mikkelsen lever enno, spreidde rundt i landet). På den tida han blei sjuk, var det meininga at han skulle begynne arbeidslivet, som på den tida og den plassen under slike kår berre innebar éin ting: Han skulle bli sjarkfiskar og småbrukar.

I Kjøllefjord kom Mikkelsens plan, med manipuleringa av eigne feberkurver, til kort. Sjukepleiaren såg etter nokre månader at han var sjuk, og distriktslækjaren sende Mikkelsen sørover til Vensmoen sanatorium i Saltdal i Nordland. Der blei han kurert for pleuritten, men det var framleis ikkje aktuelt å sende ein inntil nyleg tuberkulosesjuk gut heim til ei fattig og trong lita brakke av eit hus, full av folk.

Frå Vensmoen gjekk turen til Statens attføringsinstitutt på Sinsen i Oslo i 1953, der faren til Gro Harlem Brundtland var overlege.

– Eg fekk eit års grunnutdanning som mekanikar og deretter jobb på Ihles Mekaniske Verksted i Trondheimsvegen. Sjefen, som vi aldri såg noko til, gav meg ein stor pengebonus for å ha vore så rask og presis i arbeidet med å dreie bakelitthjul til tandbergradioar, minnest Mikkelsen.

Han tok sommarjobb på ein gard utanfor Moss, og i sommarvarmen blei guten sett til å reinske endelause åkrar med kål og potet for ugras. Tuberkulosen blussa opp igjen etter kort tid. I 1954 blei han operert på det nasjonale tuberkulosesanatoriet på Glitre i Hakadal. Metoden var ny og eksperimentell, men operasjonen var vellykka.

– På attføringsheimen blei eg kalla inn til testing hos ein psykolog. Mellom anna nytta dei pappskiver med blekkflekker som eg skulle assosiere fritt ut frå, såkalla Rorschach-testar. Det enda med at dei kalla meg inn på et kontor. Dei sa: «Vi har skaffa pengar for at du kan gå på gymnas i fire år, alt vil bli betalt i monalege summar.» Eg kunne velje kor eg ville dra.

Tilfeldigvis valde han Volda landsgymnas, der han i 1955 begynte på reallinja.

– Men det var der eg begynte å lese litteratur, Sandemose, Hamsun, ja, alt dei hadde. Men eg likte ikkje å skrive stil på kommando. Ein gong skreiv eg om Claes Gill, eg hadde funne begge diktsamlingane hans på eit antikvariat i Oslo. Oppgåva var om noko heilt anna. Da norsklæraren skulle levere tilbake stilane, sa han: «For det første: Du kan ikkje få karakter, for du har ikkje svart på oppgåva. For det andre: Eg har ikkje noko meir å lære deg.» Det verka som om han var oppriktig lei seg.

Etter landsgymnaset drog Mikkelsen til Bergen, der han skulle ta magistergrad på Arnulf Øverland ved universitetet. Han dumpa Øverland da han blei forelska i ei kvinne, og tok jobb som journalist i Bergen Arbeiderblad, der han blei korrespondent på Voss. Etter eit par år der fekk han frilansoppdrag for NRK Dagsrevyen.

– Eg hadde aldri tatt i eit kamera, men merka at eg hadde blikk for filming, og i løpet av eitt år leverte eg 25 reportasjar til NRK. Ein av desse blei eg litt stolt av. Ein bonde på Voss skulle demonstrere ein heilt ny type gjødselspreiar. Filmsnutten fekk eg inn i Dagsrevyen. Om du skulle få inn ein to minuttars gjødselreportasje frå Voss, måtte det vere godt gjort – sjølv på den tida.

På Voss sakna han vêr og vind og ønskte seg nordover.

– Ein eg hadde arbeidd saman med i Bergens Arbeiderblad, hadde fått jobb i Finnmark Dagblad i Hammerfest. Han ordna jobb til meg òg. På reisa nordover måtte eg byte over til eit sjøfly i Bardufoss, og ein augustkveld i 1962 kom eg flygande til Hammerfest. Eg såg ned på landskapet, på byen, og i den lysande seinsommarkvelden blei eg ramma av ei diffus, men klar og sterk kjensle av at det er i Finnmark eg høyrer heime. Da hadde eg berre vore heime éin gong på dei ti åra som hadde gått sidan eg reiste som 14-åring.

– Du kom tilbake som ein heilt annan enn den du ville blitt elles?

– Det er det ingen tvil om. Som eg har sagt mange gonger seinare: Eg var så heldig at eg fekk tuberkulose då eg var 14, seier Mikkelsen.

Her er ikkje poenget berre kva han reiste til: utdanning, privat litteraturstudium, ein karriere som journalist. I tillegg var det ein psykologisk dimensjon, som handlar om det han reiste bort frå: Om Veidnes har ein uvanleg fri og open horisont, så slapp Mikkelsen unna ti år med fundamentalisme som kanskje ville snevra inn verda og kanskje skadd han mentalt.

– Alt det er sant, men saka har òg ei anna side. For eg fekk òg noko ut av å vekse opp i ein fundamentalistisk læstadiansk heim, med ei mor som hadde ein moral og ei livsoppleving frå midten av 1800-talet. Mor mi trudde sterkt på det overjordiske. Rundt meg hadde eg naturen, i alle sine detaljar og all sin rikdom, og som gut måtte eg delta på alt mogleg. Altså blei eg tidleg kjend med både det fiktive/religiøse og det konkrete. Det blei planta i meg ei brytning mellom det reelle og det innbilte, eg fekk eit tosidig og komplekst blikk på verda. Sett i ettertid: Eg var heldig som fekk så mange dimensjoner i tilværet.

I Hammerfest begynte Mikkelsen å arbeide for Finnmark Dagblad, og seinare blei han korrespondent for Lofotposten på same plass. I dei kommande åra skulle han òg skrive ei rekkje lysande litterære reportasjar frå Finnmark som blei trykte i Magasinet for alle.

– Sommaren 1964 fekk eg ein telefon til hybelen min i Hammerfest. Stemma i andre enden sa: «God dag, det er Odd Eidem, eg vil gjerne stille deg nokre spørsmål.» Eidem var ein kjend forfattar og frykta teaterkritikar, det visste eg. Kva faen har eg gjort no, hugsar eg at eg tenkte.

– Eidem hadde lagt merke til meg og spurde om eg hadde skrive noko som var ordentleg godt. «Nei, svarte eg, det hadde eg ikkje. Berre ein vits, det måtte vere det einaste.» Det var ei lita historie på ti linjer, ei knøttlita, perfekt historie som eg las opp til han. Det fekk Eidem til å skjøne at eg hadde kvalitetskriterium. Han meinte eg burde skrive bok. Han sa: «Treng du pengar, ringer du berre til redaktør Groth i Cappelen og helsar frå meg», seier Mikkelsen.

Året etter var Eidem redaktør for ein antologi med tittelen Injurier. Han bad Mikkelsen om å skrive noko i denne, og det blei essayet «Om turisme». Det er eit krast og ironisk oppgjer med turismen i Finnmark, og klisjeane rundt naturen og folket. Ikkje minst samane, som blei framstilte som «det lykkelige naturbarnet i Midnattsolens land» og presentert i ein «parade av turistplakater og innhyllet i et tåkehav av lettvindt propaganda».

Samane selde Noreg til utanlandske turistar, produksjonen av bilete av «uspolerte» og «primitive» samar var ein så stor industri at Mikkelsen meinte samane burde krediterast i nasjonalrekneskapen. Ikkje nok med det, i Finnmark blei samar i høgsesongen om sommaren tilsette for å spele «ekte samar». Tilskodarane var gjerne det Mikkelsen kallar «samofile» turistane sørfrå og frå utlandet. Det dei ville sjå, var ein iscenesett versjon som skulle tilfredsstille dei romantiske bileta av kva ein same er.

Som dei fleste familiar med nokre generasjonars historie i Nord-Noreg er Mikkelsen ei blanding av fleire etnisitetar, der det samiske dominerer. Ein av oldeforeldra på farssida var innflyttar frå Trøndelag, og det var han som i 1863 kjøpte jorda på Veidnes, som skulle bli i familien heilt til ho blei seld i fjor.

– I siste halvdel av 1960-talet skreiv du fleire tekstar om turisme der du raljerte over dei klisjéfulle framstillingane av samane. I desse tekstane omtalar du samane som «dei» og som «samane», altså som nokre andre. Det er litt rart, for du er jo samisk sjølv?

– I høgste grad. Mor mi var 100 prosent sjøsame, far min halvt same.

– Du snakkar ikkje samisk?

– Nei, det har aldri vore eit alternativ. Det ville tatt tid frå skrivinga, og eg ville aldri lært meg meir enn å knote.

– Ja, men eg meiner i barndommen. Kvifor lærte du det ikkje da?

– Å, sånn. Det var mors val. Ho og dei fire–fem venninnene som snakka samisk på Veidnes, ville ha eit språk som barna ikkje kunne forstå. Hugs, dette var eit strengt læstadiansk miljø, det var mykje barna ikkje skulle høyre. Norsk var bruksspråket hos oss og blant alle i bygda. Men ho snakka samisk perfekt, vert det sagt av naboane, og brukte ikkje norske ord innimellom, slik mange gjer i dag. Samstundes som mor mi var 100 prosent same, så kunne ho bruke det nedsettande uttrykket «finska» om ein flyttsame ho ikkje likte.

– Forresten etterlét foreldra mine seg ikkje eitt einaste skriftleg ord.

– Ikkje eitt?

– Null. Kvifor skulle dei sitte og skrive, fattige folk med alt arbeidet dei hadde? Det måtte vere om dei måtte sende inn eit eller anna til styresmaktene.

– I dag ser det ut til at folk i Finnmark meir og meir bygger identiteten sin på det som skil dei frå kvarandre, ikkje på det dei har felles. Korleis var dette då du voks opp?

– Om folk var sjøsamar eller kvenar, var heilt likegyldig og uinteressant. Dei var først og fremst Veidnes-væringar, alle saman. Alle delte den same fattigdommen, den same jorda, det same havet. Bygda og tilværet var utan etniske konfliktar. Men ikkje misforstå, ein hadde jo personlege konfliktar, der som alle andre plassar.

– Om kva?

– Om alt mogleg. Hugs, mykje av konfliktane og hetsen i Finnmark stammar frå reelle motsetningar, ikkje berre mellom det norske og samiske, men også internt i det samiske. Ei konfliktlinje går mellom bufaste og reindriftssamar. Folk set opp gjerde, men reinen hoppar over og begynner å beite på dyrka mark. Dette er jo ein reell ressurskonflikt, og dermed ikkje så lette å løyse, seier Mikkelsen.

Poet i prosaland

I Hammerfest midt på 1960-talet fekk Mikkelsen interessante vener, som den berømte fotografen Kåre Kivijärvi, av mange sett på som Noregs største fotograf gjennom tidene. Eller Selmer Nilsen frå Bakfjord i Finnmark, som 16 år gammal blei tvangsrekruttert som sovjetisk spion, og mellom anna rapporterte om U2-flya som landa på flyplassen i Bodø etter spiontokt over Sovjetunionen. Da han tilstod, nekta politiet å arrestere han, for dei trudde ikkje på historia han fortalde.

– Om vi drakk saman, skjedde alltid det same når han kom til eit visst punkt i drikkinga. Han blei heilt stille. Ikkje eit ord, og med ein tung og mørk aura rundt seg. Det var ting eg stussa på rundt det han fortalde. Og da det blei avslørt at han spionerte for russarane, fall nokre bitar på plass, seier Mikkelsen.

Akkurat på den tida dette skjedde, gifta Mikkelsen seg med ein dansk sjukepleiar og flytta til Tromsø, der han freista å leve som frilansar. Det var eit hardt liv, og i 1968 fekk han jobb i NRK i Vadsø. Men han var jo forfattar og måtte skrive ny bok. Det blei novellesamlinga Fuglen og evigheten (1969).

– Eg er ikkje så glad i den boka. Der freista eg for sterkt å vere forfattar. Men det er ei god novelle der: «Borte». Tarjei Vesaas likte ho veldig godt, skriv Halldis Moren Vesaas i sjølvbiografien sin.

– I dei tidlege bøkene dine, og i den første artikkelen om turisme, synest eg å merke ein ganske sterk inspirasjon frå Hamsun, og kanskje Duun?

– Ja, spesielt Hamsun, som så mange andre i min generasjon. Men så skjønte eg at det var éin ting Hamsun ikkje hadde vett på, der eg kunne skape noko som berre var mitt, og det var knytt til kysten, båtar, havet, fiskeri. Han var jo gudbrandsdøl.

– Slik du er blitt no.

– He, he (som det ville stått med døveteksting om dette var ein film: «tørr latter blir ledd»).

Snart dukka Alta-saka opp. Mikkelsen forstod raskt at ho kom til å bli eit viktig skilje. Derfor, og kanskje fordi han sleit med å produsere fiksjonslitteratur, begynte han å arbeide på ei dokumentarbok om den vesle bygda Masi, som kunne bli lagd under vatn om dei ivrigaste kraftutbyggarane fekk det som dei ønskte. Resultatet blei boka Masi, Norge (1971). Eg har meir éin gong høyrt folk omtale boka som «ein bibel» i kampen mot Alta-utbygginga.

I denne boka nyttar Mikkelsen for første gong i bokform ein særeigen dokumentarisk metode han skulle nytte i fleire bøker seinare. Metoden går ut på å intervjue ei rekke folk som er involverte i saka, vanlege folk og ekspertar, og la utleggingane deira stå i direkte sitat, utan kommentarar. Sakte bygger det seg opp ein polyfoni for lesaren, ein ser saka direkte gjennom auga, hovudet og språket til aktørane, og heilskapen blir noko meir enn summen av enkeltdelane. Dette var omtrent samtidig som amerikanaren Studs Terkel begynte å bruke den same metoden i Chicago, noko han skulle bli berømt for.

– Var du inspirert av Terkel?

– Eg har høyrt om han, men det var seinare. Poenget mitt var enkelt og logisk, det var rett og slett å la folk fortelje sjølv, med sitt eige språk. Metoden oppfatta eg intuitivt som demokratisk på ein måte som kledde temaet. Eg var jo til stades under den første Masi-aksjonen, og der trefte eg også ein person som skulle bli viktig for meg: økosofen Sigmund Kvaløy. Hausten 1970 kom han direkte frå Mardøla-aksjonen, som blei avslutta tolv timar før Masi-aksjonen begynte. Vi fekk god kontakt. Han var dyktig, og tenkte globalt og økologisk. Det gjorde ingen andre i Noreg på den tida. Han fôra meg med informasjon og inspirerte meg også i det litterære prosjektet mitt. Til Masi kom Kvaløy med to prinsipp: saklegdom og ikkje-vald, og det prega Alta-saka. Dei første ti åra var det ei rein naturvernsak. Samar deltok heile tida, men det var først i 1979 Alta blei ei «samesak», seier Mikkelsen.

I 1973, mens Magnar og Kari budde i Vadsø (der dei møtte kvarandre i 1969), skjedde ei avgjerande hending.

– Kjende du det som ei plikt å flytte tilbake til Veidnes da far din, Martin, døydde brått i 1973?

– Absolutt. Da blei mor mi aleine på småbruket i Veidnes. Men Kari og eg hadde lenge snakka om at vi hadde lyst til å dra bort frå Vadsø, til ein liten plass ved havet eller fjorden i Finnmark. Når dette skjedde, var det eigentleg ikkje noko å lure på. Eg var frilansar, Kari sa opp jobben ved biblioteket. Så reiste vi til Veidnes.

– Og blei verande i 49 år...

– Ja. Vi kunne flytta til Tromsø, fått godt betalte jobbar, nettverk og venner. Om vi hadde valt det, ville vi tapt dei unike erfaringane vi fekk ved å bu eit halvt hundreår midt i Finnmark. Dette er sjølve livet vårt. Og det har vore ei mykje rikare oppleving enn nokon kan tenke seg.

– Da du kom tilbake til Veidnes, var du blitt forfattar, du hadde gjort ei bratt klassereise, om ikkje økonomisk, så intellektuelt og statusmessig.

– Det skapte ei viss uro, eg skilde meg jo ut frå dei andre. Eg møtte både den læstadianske mentaliteten og bygdementaliteten, og eg veit ærleg talt ikkje kor det eine begynner og det andre sluttar. Men eg synest ikkje dette var eit problem. Vi ble tvinga inn i grunnplanet. Vi måtte vere med på alt i ei lita bygd. Vi måtte vere medmenneske. Og verken Kari eller eg er avhengige av hyllest frå nokon, seier Mikkelsen og blir sitjande og tenke ei stund.

– Da vi skulle flytte i fjor, fekk eg ei hyggeleg melding frå ei niese. Det var første gong nokon i familien hadde sagt eller skrive eit venleg ord til meg på 40–50 år.

– Kva trur du er grunnen til det?

– Eg veit ikkje, og eg har berre ein hypotese. Eg har levd eit liv heilt utanfor deira måte å skjøne verda på, og for dei reaksjonære blant dei er eg som skapande menneske eit konstant trugsmål.

Magnar Mikkelsen samlar rekved på Veidnes i 2013.

Foto: Leif Gabrielsen

I tillegg til å vere journalist og forfattar blei Mikkelsen – saman med Kari – no sauebonde. Den første boka han gav ut etter at dei flytta til bygda med rundt tjue husstandar, i god avstand frå kvarandre, midt ute i den storslegne naturen, var romanen Svart hav (1974). Det er ein framtidsroman og dystopi, om økokollaps, rovdrift og sivilisasjonssamanbrot. Digre trålarar sopar havbotnen rein utanfor kysten av ein plass som minner sterkt om Finnmark. Mannskapa på skipa er ein slavearbeidarklasse som er namnlause, stadlause og nesten språklause. Sjølv kalendrane er tatt frå dei.

Ein kritikar like ikkje boka så godt. Han meinte at Magnar Mikkelsens litteratur var prega, og burde vere prega, av ein kontrakt med røynda. I Svart hav blei denne kontrakten broten, og krisa som var så dominerande i boka, blei «nærmest mystifisert».

– Dessverre trur eg boka er meir aktuell i dag enn da ho kom ut, med miljøøydelegging, overfiske og fråflytting. Romanen er eg rimeleg godt nøgd med, ikkje minst skildringar av vêr, vind og hav, slike ting. Det eg derimot ikkje er nøgd med, er filmatiseringa av boka.

Filmen blei lansert i 1980 og omtala som «Nord-Noregs første spelefilm», fordi produksjonsselskapet låg i Honningsvåg.

– Eg hadde laga et par dokumentarfilmar for NRK tidleg på 1970-talet, saman med Agneta Ekman (Restaurant Aquarius og Bilder fra hverdagen), men ein full spelefilm, det var noko anna. Eg skreiv manus saman med regissøren og andre, og kjende skodespelarar som Nils Utsi og Helge Jordal hadde hovudrollene. Vi visste nok ikkje heilt kva vi dreiv med, og det var mykje som gjekk gale med den filmen, også på produksjonssida. På Hålogaland Teater, før dette, arbeidde vi kritisk, som eit kollektiv. Eg hadde utkastet, men skodespelarar og andre som var involverte, retta på ting som ikkje fungerte, som høyrdest feil ut. Men eg var ikkje til stades på filmsettet.

Kritikarane var einige i at filmen Svart hav ikkje heldt mål. Aftenposten og VG slakta han, og under tittelen «Utrolig naiv norsk film» skreiv Dagsavisen mellom anna: «En ukonsentrert røverhistorie med parodisk tilsnitt (...) På dette tidspunkt burde vi vært innfanget av alvoret i filmen: Isteden lå vi ute i midtgangen og rullet oss av latter. Det har aldri Olsenbanden greid å gjøre med oss. (...) En outsider-film i negativ betydning, uten følelse for folk og landskap.»

Regissøren David Wingate laga aldri nokon spelefilm igjen. Men Magnar Mikkelsen har ved fleire andre høve laga film, og han har vore mest nøgd med resultatet der han også var fotograf, i poetiske dokumentarfilmar som Sjarken og støa (2001,) Vindenes hus (2004) og Meditasjoner (2010).

Periferiens outsider

Mikkelsen har ikkje skydd konfliktar. I 1972 var han med på å starte opp Nordnorsk forfatterlag i Tromsø.

– Vi kom saman for å undersøke om vi hadde noko til felles, men kriteria for medlemskap var vart etter kvart uklare. Eg hadde eit profesjonelt forhold til det å skrive, og klare idear om kva litterær kunst er for noko. Sjølv om det er vanskeleg å definere, ein vurdere det. I Nordnorsk forfatterlag blei det utflytande. Folk melde seg inn for å få litt av den sosiale glorien, og eg mista lysta til å vere saman med reine, skjære dilettantar, som ikkje eingong veit at dei er det. Når ein på møte får desse opp i fanget... Herbjørg Wassmo var dronning, med prinsesser trippande rundt... Nei, til slutt hadde eg ikkje nervar til meir.

– Korleis ser du på den nordnorske litteraturen i dag, 30 år etter at du melde deg ut?

– I dag har Nordnorsk forfatterlag over 170 medlemmer, men eg vil ikkje seie at det finst ei litterær allmente i landsdelen. I Nord-Noreg er det generelt låge, til dels heilt fråverande, kvalitetskrav rundt kunst. Alt, anten det er godt eller dårleg, blir berre samla i ein stor saus, utan ei seriøs vurdering. Men det er alltid mykje entusiasme, og mange tener pengar og er lukkelege med det.

Trass i ein stor produksjon utover på 1970-talet sleit Mikkelsen med å finne si form. Han var sjølvkritisk og misnøgd med mykje av det han gjorde som romanforfattar. I staden jobba han med dokumentariske prosjekt som Hundre år under pisken. Fortellinger fra Finnmark, som kom første gong i 1978 på Cappelen (i 1997 gav Mikkelsen ut boka på nytt på eige forlag, rikt illustrert med historiske foto frå Finnmark fylkesbibliotek og med forord av Ottar Brox). Gjennom enno levande vitne skildrar boka Finnmark tiåra fram mot krigen, som ein ganske så føydal eller kolonial plass, der nessekongar kunne diktere folks livsvilkår.

– Det verkar som det skjønnlitterære tok ei ny vending med diktsamlinga Det store diktet om sauen (1981).

– Det som skjedde der, var at eg lét meg inspirere av Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon. Ja. Han skriv jo frå Briskeby og slike urbane miljø, men eg tok den same tilnærminga inn i min kvardag på Veidnes. Vold opna for ein ny skrivemåte, og eg inviterte han opp da eg jobba med NRK i 1970. Vi reise saman rundt i Finnmark og prøvde å skrive frå turen.

Å vere saman med Jan Erik var ei viktig hending for meg i den fasen av livet, seier Mikkelsen.

Det store diktet om sauen berre rann ut av meg. Eg har seinare forsøkt å rette på det, linjeinndeling og slikt. Men eg merkar at stilen held seg, sjølv om han er rufsete og ufullkommen. Om eg freistar å endre noko, blir heilskapen øydelagd, for det ikkje-perfekte er ein del av heilskapen.

– Året før hadde AKP-aren og NRK-mannen Bjørn Nilsen gitt ut ei samling som mellom anna inneheld «Det store diktet om sosialisme», så mange syntest at min tittel var litt uærbødig.

– Enkelte ser kanskje ei motsetning mellom det poetiske og dokumentaristiske, men ikkje du?

– Nei, ei kjensle som ein får, kan vere veldig nøyaktig dokumentasjon. Opplevinga er poetisk. Det finst ikkje noko spenningsforhold mellom dei. Eg liker dei passasjane i bøkene mine der eg får poesien til å gå over i sakprosa eller omvendt. Dei beste tekstane mine er lyrisk-dokumentariske. Der teksten samsvarer med sjølve den grunnleggjande livsopplevinga som ein kjenner stadig vekk, som når ein går ut av huset om morgonen. Da kan ein oppleve noko som er totalt poesi og samtidig totalt verkeleg. Hovudsaka er at ein har hatt ei stor og sterk oppleving. Og opplevinga har i seg sjølv eit musikalsk element, det handlar om rytme.

– Dei siste 40 åra har du hatt ein stor produksjon, men samstundes berre skrive to korte romanar, Fabel frå fiskenes liv (1983) og Underveis til Navnløse Hamn (1992).

– Ja. Eg har laga fleire manus, men til slutt gav eg opp å sende dei til Cappelen. Det meste blei tatt imot med ei slags likesæle. Eg oppdaga at når eg fortalde skrøner, så trudde dei at eg snakka sant, og når eg snakka sant, så trudde dei at eg skrønte. Dei ville helst ha stadfesta sine eigne vrangførestillingar om Finnmark, berre da var det begeistring å spore.

Dessutan var forlagets interesse påverka av at han ikkje selde mange bøker.

– Ikkje for å gje dei skulda, for eg strevde med å få det til, og med stipenda kjende eg det som eg måtte skrive, måtte få det til, eg kjende meg ikkje fri. I løpet av 1990-talet melde eg meg ut, eg ville ikkje lenger ha noko med dette systemet å gjere. Eg slutta også å reise til Oslo. Det blei berre ubehageleg. Og så starta eg heller mitt eige forlag, Albatross, seier Mikkelsen.

Han freista òg å gi ut eit tidsskrift med same namn, i perioden 1989–1991. Ambisjonen var, ifølge Mikkelsen i eit lanseringsintervju i Finnmark Dagblad, å «være et kvast og ærverdig redskap for folks kamp for sitt liv, sine verdier og sin hjemstavn i nord». Men akkurat som forventa blei det mykje arbeid for inga løn, og etter seks nummer gav han opp.

– Ein gong på eit møte i Den norske Forfatterforening stilte eg generalsekretæren spørsmål om kor mange eksemplar ein gjennomsnittleg norsk roman selde over disk. Eg måtte spørje fleire gonger og slite svaret ut av han. Svaret var 30 eksemplar. Systemet verka vilkårleg, og eg ville ikkje bruke meir tid på det.

– I kva grad var du ein del av det litterære miljøet?

– Da eg kom inn i foreininga, dominerte Profil-kretsen. Der var eg heilt utanfor. Dei heldt samtalen sin gåande, og om eg skulle snakke, så måtte dei liksom avslutte den samtalen, for å høyre kva eg sa, og det eg sa, passa ikkje inn, for eg kom frå ei verd dei ikkje skjønte. Roy Jacobsen var irritert på meg. Han ville skrive realistisk om å vere på havet og fiske, og livet om bord på ei skøyte, men det var mykje som ikkje stemte i det han skreiv, og eg gav jo beskjed. Men ikkje for det, eg møtte mange fine folk og fekk gode venner. For eksempel Kjell Askildsen og Arnljot Eggen.

Å sitte og prate, sånn som vi gjer no, det går greitt. Men om det er tunge strukturar eller regime i samtalen, har eg vanskeleg for å underordne meg dei.

– I 2001 blei eg invitert i 60-årsdagen til Dag Solstad i Oslo. Det var ei rar oppleving. Eg hadde ingenting å seie som kunne glede dei, og skjønte ikkje kva dei snakka om, eller snarare kva som var meininga med det.

– Du seier i eit intervju i Magasinet for alle i 1967 at du er uavhengig politisk, og aldri kan bli med i eit parti. Men du har vel vore ute på venstresida, til liks med dei fleste andre forfattarar i din generasjon?

– Ja, eg endra haldning, og eg har sklidd stadig lenger ut på venstresida, etter kvart som eg har lese meir og meir moderne historie, seier Mikkelsen lakonisk.

På midten av 1970-talet sat han i Lebesby kommunestyre for SV.

I «Enkel manns tale», ein tekst i samlinga Bru over trøbla vann, essays dikt og noveller (1994) skriv Mikkelsen: «De historiene jeg forteller aspirerer ikke til å bygge nye språklige hus, eller reparere de gamle, eller bygge opp nye landsbyer av språklige våninger. Historier forteller om erfaringer jeg og andre gjør. Derfor er det primært ikke språklige muligheter og begrensninger som bestemmer grensene for disse historiene, men praksis, og erkjennelsen av hvordan praksis egentlig henger sammen.»

Mikkelsens litteratur er ikkje om annan litteratur, og sjølv om han har lese mykje, finn ein knapt eit einaste sitat frå andre bøker i hans eigne.

– Ja, den levde erfaringa er viktig, og eg har stort sett skrive ut frå desse, ut frå det som var mitt univers, mitt nærmiljø, min natur, mine folk. Eg har òg opplevd korleis erfaring er blitt nedvurdert i løpet av livet mitt. Før kom den framande langt bortanfrå og snakka søring. Ein kunne plukke dei ut på lang avstand, med blanke sko og fine klede. No kan dei framande som kjem til Veidnes, vere frå Universitetet i Tromsø. Dei har fått seg eit anna språk og ei anna forståing av tilværet, dei tenker skjematisk og abstrakt. Daglegspråket har dei tapt, og dei snakkar nysøringsavarianten UiTisk.

– Og i skriftleg form...

– I dag skriv ikkje folk om erfaringane sine, men om førestillingane om den praksisen dei ein gong var ein del av. Og kor kjem desse nye førestillingane deira frå? Jau, dei kjem ovanfrå, ikkje frå dei sjølve.

– Du blei kjend som «finnmarksforfattaren» i din generasjon, og det er kanskje ikkje så rart, sidan du var den einaste?

– Mange utanfrå, frå Nordahl Grieg til Jon Michelet og Hanne Ørstavik, har nemnt at dei kunne ha tenkt seg å skrive den store romanen om Finnmark. Men dei fekk det vel ikkje til, dei hadde ikkje erfaringane, og ein treng direkte erfaring for å kunne gjere det ordentleg. Dei som prøver seg, frå utsida, går seg fort vill, i jungelen av fordommar. Ein må ha sett endringane over lang tid. For å komme dit måtte dei ha levd der så lenge at dei fleste ville gått seg bort i sine eigne draumar om dette grenselause temaet.

Reiser som aldri tar slutt

Om han hadde gitt opp Oslo og romanskrivinga, gav Mikkelsen ikkje opp verda. I 1983 la han og Kari ut på ei reise jorda rundt, til USA, Mexico, Egypt og Søraust-Asia. I boka Transit. Fra en reise som aldri tok slutt (1986) skildrar han både det å reise heimanfrå, sjølve reisa og heimkomsten. Boka freistar å sette livet i Noreg i relieff mot resten av verda.

Da han kom heim, spurde alle han møtte, kva tid han var kommen heim, og kva han hadde sett: «Helt hjem kommer jeg heller aldri mere, for sjela har sagt farvel med kroppen og tatt ut på si eiga lange reise. Den er som et lite seil over et bitteknøtt av en leketøysbåt, ei uanselig sjel i et beskjedent skrog.»

Mikkelsen kan vere hard i vurderinga av eigne bøker. Det er nok ikkje fordi han har låg sjølvtillit eller er sjølvutslettande, men meir at han stiller høge krav. På den andre sida: Ein forfattar er vanlegvis ikkje den beste til å vurdere kvaliteten på eigne arbeid. Fleire av bøkene Mikkelsen ikkje set særleg pris på, er mykje betre enn han vil ha det til. Transit er eit godt eksempel. Det er berre omslaget som er redselsfullt.

I 1986 reiste han til Afghanistan, der motstandsrørsla mujahedin førte ein intens geriljakrig mot sovjetarmeen. Resultatet av opphaldet blei En soldat kom naken hjem (1989).

– Om ein ser på livet ditt til da, så er det litt overraskande at du «plutseleg» dukkar opp saman med mujahedin i Afghanistan?

– Ja, det var overraskande, også for meg sjølv. Eg fekk følge eit legeteam frå Afghanistankomiteen og måtte farge håret, kle meg ut, få ny identitet og så reise nordover langs grensa og inn i Afghanistan, frå Pakistan. Det var farleg og stressande, helikoptera kunne når som helst dukke opp.

– Og da du kom heim, ville ingen av dei store forlaga ha boka?

– Det stemmer. Og det var på same tid som Fredrik Skagens Purpurhjertene blei gitt ut, med brask og bram. Det skulle vere den dramatiske historia til ein norsk vietnamveteran som budde i Trondheim. Alt var berre tull, reint oppspinn, blei det avslørt, utan at forfattaren eller forlaget hadde oppdaga noko. Men historia tilfredsstilte klisjeane deira om krigen, og det kommersielle potensialet var høgt, så her var det berre å køyre på! Ei realistisk bok frå krigen i Afghanistan, som enno gjekk føre seg, derimot... Nei, det var ikkje interessant (det vesle Karasjok-forlaget Davvi gav ut boka i 1989).

– Apropos, før du reiste, slutta de med sauer?

– Ja, men vi gjorde det ikkje for å kunne reise. Grunnen var at vi rekna ut at vi hadde ei utgift på ti kroner per arbeidstime med sauene. Men dei ti åra vi dreiv med sau, dei var dei mest interessante for oss.

Opna Sametinget

Mikkelsen har som nemnt vore definert som ein «finnmarksforfattar», men eg har aldri sett han definert som ein samisk forfattar. Likevel var det ingen andre enn Magnar Mikkelsen som vann konkurransen om prologen som blei lesen opp ved opninga av Sametinget i Karasjok den 9. oktober 1989, i form av diktet «Ved bredden av mulighetenes hav».

Teksten har visse allusjonar til historisk urett, men slik eg les han, er han mest ei hyllest til landskapa, floraen og faunaen, på landjorda og i havet, som omkransar folket i Finnmark. Diktet startar med politiske «spørsmål i trange rom», før Mikkelsen bokstaveleg talt, i diktet, opnar vindauget og tar lesaren med ut i naturen, og sluttar slik:

Der framme øyner du kysten –

Svakt kruser vinden

ei sitrende flate.

Du stanser

og står der, står der – og her,

nå og alltid, mennesket

Ved bredden av mulig-

hetenes hav

Saman med den (ganske) kjende modernistiske samiske komponisten Jon Persen skulle Den Norske Opera i 1980 sette opp bestillingsverket Under kors og krone, som VG omtalte som ein «sameopera».

– Han blei aldri oppført, seier Mikkelsen.

– Kvifor?

– Den avgjerda blei tatt av operaen, eg veit ikkje kva som skjedde. Men eg gjorde mykje research, og operaen skulle jo handle om Kautokeino-opprøret. Da operaen ikkje blei noko av, gav eg ut alle dei sentrale dokumenta i saka, som eg fann i Riksarkivet, på eige forlag (Kautokeino-dokumentene) (1997).

– Eg intervjua forresten alle dei ti samane som var med i sveltestreiken i oktober 1979. Det er deira forteljing time for time mens sveltestreiken gjekk føre seg, ei veke midt i Oslo. Det har eg som ferdig manuskript, etter mi meining skulle dette vore publisert, men eg har ikkje økonomi til det.

Sannings- og forsoningskommisjonen har nett gjeve ut rapporten om fornorskinga av samar og kvenar når eg og Mikkelsen møtes for tredje gong, heime hos meg på Lillehammer. Mikkelsen vil helst ikkje snakke om rapporten før han har studert han skikkeleg. Han veit av eiga erfaring at eit spissa ord kan vere nok til at det blir eit helvetes bråk, som han ikkje er interessert i å bale med.

– La meg i det minste seie såpass: Det å glatte over, døyve debatt og konflikt, det er akkurat det det kapitalistiske samfunnet treng. Folk må komme seg på jobb og halde produksjonen oppe. Forsoningskommisjonen vil ha forsoning, også blant samane. Men er det noko vi treng no, så er det debatt, ikkje «forsoning». Ein ordentleg, seriøs open debatt om splittinga som er oppstått, også innanfor det samiske.

Han meiner at forsoningskommisjonen vil leggje lokk på reelle konfliktar og motsetningar.

– Dei seier ting som «no må vi bygge bruer, ikkje rive dei ned». Men er ikkje sivilisert konflikt grunnlaget for all framgang? Det beste vi har igjen i Noreg, er rettsvesenet, som har kontradiksjon som prinsipp. For å kunne komme vidare i vitskap, kunst og alt som har med samfunnsforhold å gjere, så trengst det omsynslaus debatt. Og kapitalismen arbeider også i språket. Han utraderer ord, gjer dei suspekte å bruke, alt for å hindre konflikt.

– Har du sjølv merka rasistiske haldningar frå nordmenn på grunn av den samiske bakgrunnen din?

– Det platte omgrepet «rasistiske haldningar» høver ikkje for nokon av mine opplevingar i Finnmark. Dei einaste plassane i Finnmark der eg har følt meg uvel i møte med visse individ, er i Karasjok og Kautokeino. Eg har ikkje møtt rasisme, men eg har møtt folk som har freista å presse meg til å definere meg som deira same. Underteksten er da at definisjonen overstyrer mennesket, og som individ og forfattar misliker eg at eit verbalt kostyme skal flagre i vinden framfor meg og spreie lettvinte førestillingar om kven og kva eg er.

Mikkelsen seier at han kjenner seg svært forskjellig frå dagens motstandsrørsle.

– I går såg eg at Ella Marie Hætta Isaksen sa at ho fullstendig hadde mista trua på det norske demokratiet og rettsvesenet. Dei køyrer sitt løp, eg har køyrt mitt. Det er umogleg for meg å identifisere meg med alt dei er og alt dei gjer.

– Du har sett endringar på dette feltet i ein mannsalder, og...

– Eg hugsar eg såg ei overskrift i avisa Ságat for 15­–20 år sidan: «Samisk er blitt fashion». Det oppstod ei ny forståing på den tida, som fekk meg til å tenke på omgrepet og boka om «skodespelarsamfunnet», La Société du spectacle, av den franske filosofen og forfattaren Guy Debord (1931–1994). Dette omgrepet trur eg er ei presis nemning på det moderne samfunnet. Symbolverdien av ein ting eller eit fenomen blir forveksla med tingen i seg sjølv, seier Mikkelsen.

Eg er ganske sikker på at om Magnar Mikkelsen hadde vore verksam i dag, med sine litterære og analytiske evner, og sin samiske bakgrunn, så ville han blitt lagd merke til på ein annan måte, nasjonalt. I dag er det mange støtteordningar, nettopp for slike prosjekt som han har hatt.

Ein smålåten manns ønske

Magnar Mikkelsen har flytta sørover tre gonger. Den første var da han i 1944 blei tvangsevakuert av tyskarane saman med mora og syskena (faren rømte til fjells), mens heimen og alle andre hus blei brende til grunnen. Den andre var i 1952, da han blei ramma av tuberkulose. Den tredje gongen var i fjor, etter at alvorlege seinverknader i føtene, etter 22 år med diabetes, tvinga han til å flytte.

Kven veit kva han eigentleg ser mest no for tida: utsikta han har utanfor vindauga, mot vest, over den nedre delen av Gudbrandsdalen, eller alle dei han har inni seg, frå Vest-Finnmark, som han har hatt mesteparten av livet, 360 grader over eit ope arktisk fjordlandskap med høg himmel. Der kunne ein sjå vêrsystema røre seg 10, 20 eller 30 mil unna.

Magnar Mikkelsen og kona Kari Pålsrud, opphavleg frå Tretten, utanfor heimen i Øyer i juni 2023.

Magnar Mikkelsen og kona Kari Pålsrud, opphavleg frå Tretten, utanfor heimen i Øyer i juni 2023.

Foto: Morten A. Strøksnes

Om han opna døra til «huset ved havets rand», gjekk han kanskje bort til elva, eller opp eit av dei breie dalføra, forbi tregrensa som ligg på drygt hundre meter, mot tre låge, men massive fjell med «nakne issar». Han gjekk langs elvar, kratt og myrar, på stiar og trakk som dyr og menneske hadde følgt i mange tusen år, opp til den flate vidda dekt av eit mjukt teppe mose og lyng. Ved fjell som var blankskurte av storisen, kunne han «høre steinalderen puste i natta utanfor teltet». Heile tida ville han ha vore lommekjend, ikkje berre i dette terrenget, men også i plastbåten ute på fjorden, der han veit om alle grunnene, sandflatene, tareskogen, dei undersjøiske dalane og fjella. I Storbritannia blir det kalla nature writing. Det er ein gammal sjanger som har hatt eit grundig oppsving dei siste par tiåra.

Når eg snakkar om dette med Mikkelsen, trur eg ikkje heilt at han skjøner kor eg vil. Naturen han har skildra, er jo der, så sterk og evig.

– Eg har freista å skildre det som har vore nær meg, seier Mikkelsen.

Vi hadde tre møte. Han får meg til å tenke på raudlista over truga plante- og dyreartar, skapningar ein ikkje heilt forstår plassen til, i økosystemet – før dei blir borte. Som når det tynne og skrinne jordlaget i Arktis tørkar ut og eroderer, eller når ein art tobis i havet blir borte og sjøfuglane mistar livsgrunnlaget. Han har skildra denne naturen av mange sjeldne artar og eksistensar, og er i same kategorien sjølv.

Han må ha siste ordet med slutten av diktet «En beskjeden manns ønska», frå diktsamlinga Det store diktet om sauen. Kvardagen er poetisk registrert, frå senga, mens drøymaren held fram med å drøyme. Og før han tar fatt på arbeidsoppgåvene på Veidnes, i 1981, seier dikt-eget til seg sjølv, og til oss:

Ønske nok et par stupmørke vintra til for

å lese enda nån tusen bøker

Vil mæ fortsatt tenner i kjeften for

å knaske nån tiertalls kveitehau til

Gje mæ nån måna fri og en slump med penga, æ vil

reise til Ulan Bator, Indre Mongolia

Bring fortsatt styrke i låran og leggan til

å klatre høyaste fjellet på Ellesmere Island

nån hundre mils vei nord for Hudson Bay

Æ vil drive med tangen og ålen

igjønna Sargasso og krysse Melkeveien

på ski utav frostkrystall

Ka e klokka? Kvart på ti allerede!

Den første dagen i en beskjeden manns uke

Pinade snart på tide å

hive sæ rundt og komme sæ i sig!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis