Lett og lystig
Reidar Morset på radioinnspeling i NRK i 1972. Nynning og song til trening er undervurdert.
Forbregd, Klaus
Sport før og no
Sport før og no
Kva det er som gjer at det er så lett å mislike treningspersonlegdomar, og då spesielt dei på TV? Svaret er lett: Dei er for blide og for solbrune.
Balansen mellom oppmuntring til trening og plagsam misjonering er hårfin. Som idrettspedagog i psykiatrien var morgonmøte med pasientane avgjerande. Sjå føre deg å komme inn som ei slags smørblid Kari Jaquesson, eller ein slags frisk Yngvar Andersen, til ein gjeng depressive pasientar. Det funkar dårleg. Det skal då seiast at pasientane i ein manisk fase nok kunne sjå syn på ei viss oppstemtheit.
Handballjente er for nokre blitt eit omgrep. Ei handballjente sprett rundt og smiler og ler heile tida – litt slik du kan sjå Jane Fonda juble med venninnene sine når ho er lykkeleg ferdigtrena.
Når vi snakkar om Fonda, skal det seiast at hennar tilnærming til treningsmisjonering langt ifrå berre spela på uskyldig munterheit. Den liksom tilfeldige tøyinga i starten er legendarisk, og undervegs i aerobicøkta kan ein høyre kvinnelege «ouuuu»-ar når dei nærmare seg eit treningsklimaks – litt som etter ein solo på jazzkonsert.
Vil ein ha noko anna enn sprudlande energi og sensualitet, kan ein søke opp radiolegenda Reidar Morseth. Morseth er seriøs, men har likevel ein lett og lystig tone. For ein YouTube-generasjon som er vane med film og bilete, meg inkludert, går det diverre heilt i ball når instruksjonane skal følgjast: «Vri fram, armane fram, og ut, øvst i ryggen, ja, upp-a-rai-rai-la-la-la… Og stans!»
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kva det er som gjer at det er så lett å mislike treningspersonlegdomar, og då spesielt dei på TV? Svaret er lett: Dei er for blide og for solbrune.
Balansen mellom oppmuntring til trening og plagsam misjonering er hårfin. Som idrettspedagog i psykiatrien var morgonmøte med pasientane avgjerande. Sjå føre deg å komme inn som ei slags smørblid Kari Jaquesson, eller ein slags frisk Yngvar Andersen, til ein gjeng depressive pasientar. Det funkar dårleg. Det skal då seiast at pasientane i ein manisk fase nok kunne sjå syn på ei viss oppstemtheit.
Handballjente er for nokre blitt eit omgrep. Ei handballjente sprett rundt og smiler og ler heile tida – litt slik du kan sjå Jane Fonda juble med venninnene sine når ho er lykkeleg ferdigtrena.
Når vi snakkar om Fonda, skal det seiast at hennar tilnærming til treningsmisjonering langt ifrå berre spela på uskyldig munterheit. Den liksom tilfeldige tøyinga i starten er legendarisk, og undervegs i aerobicøkta kan ein høyre kvinnelege «ouuuu»-ar når dei nærmare seg eit treningsklimaks – litt som etter ein solo på jazzkonsert.
Vil ein ha noko anna enn sprudlande energi og sensualitet, kan ein søke opp radiolegenda Reidar Morseth. Morseth er seriøs, men har likevel ein lett og lystig tone. For ein YouTube-generasjon som er vane med film og bilete, meg inkludert, går det diverre heilt i ball når instruksjonane skal følgjast: «Vri fram, armane fram, og ut, øvst i ryggen, ja, upp-a-rai-rai-la-la-la… Og stans!»
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Fleire artiklar
Laurdagen starta så fint med solskin, men snart skya det til over Siglufjördur, og i kyrkja skulle det vere gravferd for Ragnar Tór Steingrímsson.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Raggi er heimkomen
Smertene festar grepet i nedre del av ryggen, i verste fall med isjias, som det heiter når smertene jagar nedover i beinet.
Illustrasjonar via WikimedIa Commons
Vondt i ryggen