Avspora tanketog
Seljarane på stranda er plagsame, men seljarane på nettet er verre.
Johann Hari, Stjålet fokus, 2023.
Hugskot
havard@dagogtid.no
Eg kjem på etterskot inn i nyåret av di eg på nyårskvelden reiser gjennom seks tidssoner. Under ei mellomlanding med nett les eg om ei bok, men før eg rekk å ta ein skjermdump, poppar det opp meldingar om ny e-post – somme av dei rein salsverksemd.
Eg har vore på mi vande vinterøving: nokre veker i varmen, i havkanten, for å tømma hovudet for søl og fylla kroppen med sol.
Tankane fór dit dei ville, og eg fylgde dei heilt heim, til endestasjonen – kvart resonnement, kvar tankerekkje, train of thought.
Men det var seljarar på stranda. Det var det ikkje sist. Då hadde dei militære styresmaktene halde razziaar og fjerna dei. Men med attopninga etter pandemien hadde seljarane vendt attende. Eg trong dei ikkje. Tvert om. Vatn hadde eg i sekken. Frukost hadde eg ete på hotellet. Men dei kom og spora av tanketoga.
Det einaste eg kjøpte på stranda, var eit reklamefritt musikkstrøymeabonnement, og no mediterte eg over eit vers i ein song av Bob Dylan:
And the silent night will shatter
from the sounds inside my mind
I’m one too many mornings
and a thousand miles behind
Kva vert det på norsk? You want ice cream? Need massage?
Eg fann ei løysing. Etter nokre dagar gjekk seljarane i ein boge kring plassen min.
Øvingane byrja eg seint i tenåra. Eg budde eit halvt år på ei strand. Avbrota var færre i 1970-åra. Ville ein ringja, gjekk ein til postkontoret. På eit halvår ringde eg heim to gonger. Brev tok tre dagar kvar veg mellom Noreg og meg. Nyhende kom forseinka, dei òg, i vekegamle aviser kring ferske egg hjå kjøpmannen. Slik lærte eg at Elvis var død.
Stranda var fri for seljarar. Ei øving var å stogga eit tanketog og setja det i revers. Kor mange stasjonar bakover lét det seg fylgja? Eg fann at ei tankerekkje byrja med eit sanseinntrykk.
Kor finn eg ei strand utan seljarar, tenkte eg under siste mellomlanding, men tanken spora av, for no hadde eg nett att og googla vidare etter boka. Kva var namnet på forfattaren? Noko med Ari? Kari? Mari? Boka handla om tapt merksemd – som eg søkte på, i lag med kulturminister Anette Trettebergstuen. Ho hadde tilrådd boka på nettet. Det var ei av dei på nattbordet ho ikkje hadde fått tid til å lesa i 2022.
Eg kom på etterskot inn i nyåret, men no er eg à jour. Det er seljarane òg. På heimenettet, kafénettet og kontornettet kryr dei verre enn på stranda. Do you want ice cream? Korleis få dei til å gå i ein boge kring det vesle hjørnet mitt i verda?
På den fyrste arbeidsdagen i det nye året fekk eg jaga somme av seljarane: popup-vindauga som syner seg kvar gong ein får e-post.
Dagen etter fekk eg såleis fred til å finna boka, av Johann Hari, synte det seg, Stolen Focus – Why you can’t pay attention. Ho kom i fjor, og ho kjem på norsk i februar: Stjålet fokus – Hvorfor du ikke klarer å følge med, og hvordan du skal klare å konsentrere deg igjen.
Eg fann ei førebels løysing på verset òg:
Og den stille natta, ho vert knust
av ljodar inni meg
Eg er ei morgonstund for mykje
og milelangt av veg
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
Ei litterær føregangskvinne
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Den magiske åtinga