Diktet: Stein Mehren
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Postulat: Kjærleiksdikt er einsemds-dikt.
Kjærleik i seg sjølv krev inga skrift, han har nok med eigen fylde. Han lever utanfor tida. Stein Mehren har i diktet «Tristan og Isolde» skildra dei elskande: «Og de kunne aldri gledes/ ved sin kjærlighet/ for den var deres glede/ …/ De så på hverandre og sa aldri/ Se på vår kjærlighet/ for den var deres blikk».
Vi veit at Stein Mehren (1935–2017) er ein av dei store kjærleiksdiktarane våre. Over 1300 dikt skreiv han, i nærare 30 diktsamlingar. Gjennom stillheten en natt, Hildring i speil, Alene med en himmel, Mot en verden av lys var dei fire første samlingane, som kom årvisst 1960–1963 – alle med kvitt omslag.
Dei hadde ein nærleik i språket som gjorde at dikta til Olaf Bull – også ein kjærleiksdiktar – kjendest meir «høgtidsame» for nokre av oss som byrja skriva på denne tida. I Bulls «Metope» kjem kvinna òg til orde, men i eit språk som er meir likt den diktande mannens.
Vi veit at «kjærleiksdikt» ofte er monologar, gjerne ei hylling av dei framifrå eigenskapane til den tilbedne. I dagens dikt, frå samlinga Alene med en himmel (1962), er replikken til kvinna knappare enn hos Bull – og set den veltalande teksten i diktet stillferdig på plass. Det tunge blikket hans – «en sten fra mitt hjerte» – får eit svar frå hennar, halvt humoristisk. Ho godtek tyngda hans, men framhevar òg si eiga.
I lyrikken vår er det ikkje alltid at dei to i eit elskande par framstår som likestilte – likestilte i forståinga av at denne kjærleiken også er ei einsemd.
Jan Erik Vold
Lene din ensomhet stille mot min
Så falt da mitt blikk i ditt
som en sten fra mitt hjerte
en sten jeg har båret lenge omkring
Og ditt ansikt er ikke lenger
stillferdig lukket om deg selv, men
en gave du åpner med øynene dine
Og jeg vet ikke om det er blader
som faller fra store trær
eller et minne om store dyr som flykter
for luften løser seg opp over
ansiktet ditt lik sterkt lys
Ditt ansikt er et speil i mine hender
og dine bleknende leppers
sanseløse bleke smil; skum
etter storm nu langt borte
Mens ordenes sommerfugler
viklet oss inn i en gylden tråd
mottok du all min maktesløshet
Og jeg grep som i dyp dyp jord
Dine bryster, ditt legeme, Du
og ditt blikk, halvt mønstrende
halvt et smil, som sa: Elsker
I natt kan du lene din ensomhet
stille mot min
Stein Mehren
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
Ei litterær føregangskvinne
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Den magiske åtinga