Swingar seg opp og fram
– Det byrja med at mor mi tok meg med på jazzkafé kvar laurdag. Eg likte musikken, men det var berre gamle folk der. Det ville eg gjere noko med, seier Martin Jarl Velsin i Swing’it.
Swing`it er meir enn eit band. Med 1920-tals temafester har dei glade musikantane rett sagt skapt eit eige konsept.
Julie Marie Nagelstad/NRK
Melodi Grand Prix-finalisten, som tidlegare har studert musikk i London og ved NTNU i Trondheim, starta opp gruppa Swing’it i Tønsberg i 2014. Målet den gong var å vise gladjazzens plass i ei ny tid. Etter å ha spelt for både ungar, studentar og sjukeheimsbebuarar har dei vist at dei greier å skape musikkglede og god stemning for eit uvanleg breitt publikum.
Dei sprudlande karane med dei stilfulle hattane har rett sagt kome med noko heilt anna enn det me elles ser av Grand Prix-show. Kanskje er det nett difor folket stemte dei fram til ein tredjeplass?
– Har publikumsinteressa auka etter Melodi Grand Prix?
– Det har vore mange nye bestillingar, me har fått nye fans og mykje positive tilbakemeldingar, seier Velsin og stadfestar at dette er særs motiverande.
Bandleiaren, som sjølv driv med musikk på fulltid, håpar at også resten av gruppa vil kunne gjere det same. Han seier at dei eigentleg lever ut mykje av draumen alt no, men at det hadde vore enklare om ingen var nøydde å ha ei attåtnæring.
– Kjem det meir musikk?
– Det kjem fleire singlar utover våren, og me har mange oppdrag både i Noreg og utanlands, seier Velsin, som ser ut til å vere like oppteken av alt ikring.
Han fortel at det som byrja med ei musikkinteresse, etter kvart utvikla seg til å verte eit heilt eige konsept. I 2019 kom ideen om å gjenskapa noko av stemninga frå 1920-åra, og sidan den gong har dei glade musikantane arrangert festar der også publikum vert oppmoda om å kle seg ut. På Prohibition-festane gjeld det nemleg å leve seg inn i tidsånda. Her er det fullt show med burleskdans og eigen kabaretvert.
Valsin er såleis oppteken av heilskapen og tykkjer det er herleg å kunne drøyme seg vekk – vere ein annan karakter i ei anna tid og treffe folk på ein annan måte.
– Målet er å skape ein raud tråd gjennom heile arrangementet, forklarer bandleiaren.
– Kva er det med 1920-åra?
– Alt! Me talar om ein ikonisk stilepoke med mykje historie. Det er ikkje utan grunn at ein talar om dei glade 20-åra, seier Velsin og nemner positivismens utbreiing i USA, forbodstid og kvinneleg frigjering som døme på kva tankar som ulma i tida.
Julie Killingberg
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
Ei litterær føregangskvinne
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Den magiske åtinga