Er Lüneburg-varianten best?
Paolo Maurensig (1943–2021).
Foto via www.paolomaurensig.it
I eit år då ein sjakkthriller – En nasjon i sjakk av debutanten Johan Høst – har toppa salslistene i Noreg, spør eg: Har noko slikt skjedd før? Ja, vi skal (etter kvart) til Italia i 1993. Men fyrst:
Eg har lenge meint at den beste sjakkromanen er Luzjins forsvar (1930) av eksilrussaren Vladimir Nabokov, den mest kjende sjakkromanen er Sjakknovelle (1941) av austerrikaren Stefan Zweig, den mest folkelege og populære sjakkromanen er den «Bør Børson-lystige» Tolv stolar (1928) av Odesa-duoen Ilf og Petrov, og den mest makabre sjakknovella er Der Schachspieler av sveitsaren Friedrich Dürrenmatt (eit manus funne etter forfattarens død i 1990).
Sjakkspelar og historikar Tor Egil Førland stansa meg kollegialt i trappa på Blindern for nokre år sidan. Han sa ikkje mykje, men slo fast en passant: «Lüneburgvarianten er best.» Det var eit uventa trekk, som eg straks noterte i leselista mi. Eg, som elskar ratinglister, kunne ikkje få fred før eg las boka. Best? Betre enn Nabokov og Zweig?
Italienaren Paolo Maurensig (1943–2021) debuterte i 1993, 50 år gamal, med ein liten sjakkroman som selde ufattelege to millionar eksemplar i heimlandet. Romanen er like kompakt og elegant komponert som Zweigs forteljing. Og som hos Zweig er europeisk historie – nazisme og holocaust – med på å lyfta alvoret i sjakkdramaet.
Maurensig vert ofte samanlikna med Dürrenmatt. Båe dyrkar eit godt plott, dei skriv krim utan den tradisjonelle etterforskaren. Noko som imponerer hos Maurensig, er at han skjønar sjakkspelaren, nerven og stemninga under eit sjakkparti, trass i at han ikkje sjølv var sjakkspelar slik som Nabokov (sterk klubbspelar) og Dürrenmatt.
Det er vanskeleg å referera handlinga hos Maurensig utan å røpa mysteriet, av di romanen hans byrjar med sluttspelet. Ein forretningsmann vert sjakk matt – på brettet og i livet – men korleis kom vi dit? Spørsmålet er ikkje kven som er mordaren, men kvifor. Ja, i røynda er dødsfallet, mordet eller sjølvmordet, mindre viktig. Det er ei større europeisk historie forfattaren vil fortelja gjennom sjakkspelet.
«Det heter seg at sjakkspillets oppfinnelse er forbundet med en bloddryppende hendelse.» Slik opnar romanen i norsk omsetjing frå 1995.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Enkeltvis på enkelt vis
Filosofen Moses Mendelssohn spelar sjakk mot ein kristen leiar, Johann Kaspar Lavater, men sjakken er allegori for ein mykje større strid i Europa om jødisk gettomentalitet sist på 1700-talet.
Målarstykke av Moritz Daniel Oppenheim (utsnitt)
Spelar intelligentsiaen sjakk?