Kven var Regina Fischer?
Regina Fischer (1913–1997) med sonen Bobby før dei miste kontakten.
Fotograf ukjend.
Det spørsmålet stilte FBI gjennom 30 år, i ei mappe på over 750 sider. I sumar er det 50 år sidan den legendariske VM-kampen i Reykjavik der Bobby Fischer slo russaren Boris Spasskij. Amerikanaren var rabiat antikommunist og antisemitt, to karaktertrekk som vert interessante i ljos av lagnaden til mor hans.
I slutten av tenåra drog Regina frå USA til Berlin, der ho trefte jødiske Hans-Gerhardt Fischer. Då nazistane kom til makta i 1933, flykta dei til Sovjetunionen. Heime i USA var det restriksjonar for kvinner og jødar på medisinstudiet. For ei fattig jødisk jente var det i praksis umogleg å koma inn på studiet. Men i Moskva kunne Regina studera medisin.
Dottera Joan vart fødd i 1937 under Stalins terror. Året etter flykta mor og dotter til Paris. Den separerte ektemannen kjempa i den spanske borgarkrigen og hamna seinare i Chile, der han vart aktiv i kommunistpartiet. Regina, attende i Portland i Oregon i USA, melde seg inn i kommunistpartiet i 1945. Ho vart ekskludert i 1953. Herr Fischer fekk ikkje innreise til USA, og paret vart formelt skilde i 1945.
Sonen Bobby vart fødd i 1943. I 2002 kunne ein lesa i FBI-mappa at faren var ungarsk-tysk-jødiske Paul Nemenyi, matematikar i verdsklasse, som døydde i 1952.
Regina Fischer vart ein fanatisk yrkesdemonstrant. Ho kjempa òg for sonen, ofte mot vilja hans, som då ho gjekk til sveltestreik i seks dagar for å pressa sjakkforbundet til å finansiera det amerikanske laget i sjakk-OL i Leipzig i 1960. Same år vart ho sentral i ein fredsmarsj frå San Francisco til Moskva (mest til fots, men òg med fly til London og ferje over kanalen til Frankrike). Framme i Moskva drakk ho te med fru Khrusjtsjov.
17 år gamle Bobby hadde droppa ut av skulen, og systera Joan hadde gift seg. Mora sytte for at sonen hadde pengar til å klara seg åleine i New York på vegen mot verdsmeistertittelen.
Regina var ikkje sovjetisk spion. Ho gifte seg på nytt i England, der ho arbeidde som barnelækjar. Som pensjonist hjelpte ho flyktningar i Nicaragua og Honduras. Ho skreiv bøker om ulike emne, snakka seks språk og studerte dataprogrammering mot slutten av livet.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.