JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Fjør i hatten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2359
20231117
2359
20231117

Mange av dei fjørkledde venene våre har floge sørover no. Fjørhanen (tiuren) er mellom dei som held stand. Kan henda bruser han litt med fjørene òg. Fjørfekjøtet har korkje vengefjører eller halefjører og kan ikkje flyga nokon stad på eiga hand. Det er ikkje støtt fjørfeet med fjørdrakt er flygeført heller. Desse fuglane er ofte innestengde og får aldri sjå fjørskyer (cirrus).

Det underlege med arveordet fjør (bm. òg fjær) er at det ikkje har nokon nære slektningar i germansk. I alle høve ikkje som me veit om. Det me har, er ord som er avleidde av fjør, som verbet fjøra («setet fjørar», «fjørande dansegolv»), substantivet fjøring («bilen har god fjøring») og adjektiv som fjøral og fjøren (‘spenstig, tøyeleg’). Substantivet fjøre («flod og fjøre») er noko anna. Det vert gjerne knytt til verbet fara, til liks med fjord og ferje.

Utanfor den germanske greina finst det mange slektningar. Fjør kjem av ei rot som tyder ‘flyga, falla’. Av same rota kjem til dømes gresk pteron (‘veng’), som me møter i helikopter. Her finn me òg latin petere (‘fara til, prøva å nå’), som mellom anna ter seg i appetitt, kompetent og repetera. Ikkje minst er fjør i ætt med latin penna (‘fjør’), som har gjeve oss penn. Me kan gjerne diskutera om fjørpenn er smør på flesk, men me treng ikkje slåst so fjørene fyk eller dyppa motdebattantane i tjøre og rulla dei i fjører.

«D’er fjøra som gjer fuglen fager», seier ordtaket. Folk plar tykkja at dei sjølve òg er fine med fjører. Me kan gå med fjørboa, hatt med strutsefjør eller hjelm med fjørdusk. Nokre pyntar seg med lånte fjører. Det ordlaget kjem av forteljinga til Æsop om kaia som tek på seg påfuglfjører og freistar blanda seg med påfuglar. I Trymskvedet låner Loke fjørhamen til Frøya, men då er målet å flyga til jotunheimen og spørja Trym om han har teke hamaren til Tor, ikkje å pynta seg.

Me seier gjerne at noko er fjørlett eller lett som ei fjør, og me veit at korkje fjørballar eller fjørvektarar er tunge. Ein fjørmadrass kan derimot vera tung. Der er fjør nytta i tydinga ‘elastisk (stål)konstruksjon’ (jf. drivfjør, springfjør, stålfjør). Denne tydinga har fjør fått etter påverknad frå tysk Feder. Det same gjeld tydinga ‘kant på smalsida av fjøl til å fella inn i renne (not) på anna fjøl’.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis