På ville vegar
Ellevill bruk av vill kan nok gå folk på nervane, men å slå vilt om seg med sjuk og sinnssjuk eggjar opp endå fleire. Seiemåtane «heilt vilt» og «heilt (sinns)sjukt» tyder mykje det same, og dei vert nytta om både gledelege og leie hendingar. Her skal me ikkje forvilla oss inn i det ordskiftet. Me nøyer oss med å slå fast at ord jamt vert tekne i bruk på nye måtar. Ein gong i tida var det radt nokon som meinte at det var merkeleg å nytta vill om tap av orienteringssansen («gå seg vill»).
Den opphavlege tydinga til vill er ‘som lever eller veks i fri naturtilstand; utamd, udyrka’. Ordet har framleis denne tydinga. Me kan temja ein vill hest og slå fast at ei plante ikkje veks vilt i Noreg. Dessutan har me eit villnis av samansetjingar med vill, som villrein, villaks, villsvin, villbringebær, villmark, villdyr og jamvel villsnø. (Språkrådet tilråder natursnø.) Granskarane er i villreie om opphavet til vill, men ordet finst i alle dei nærskylde måla. Substantivet vilt («fisk og vilt») kjem frå lågtysk.
Alt i mellomalderen var det vanleg å nytta vill om det å vera ført på avvegar i bokstavleg eller biletleg meining. Ei rad norrøne nemningar for mistak, kjettarskap og narring har førefestet villu, som villubiskup (‘falsk bisp’), villumeistari (‘ranglærar’) og villusamr (‘villeiande, forførande, falsk’).
Stundom vildrar me oss bort på eiga hand, andre gonger er det illkyndte folk og makter som fører oss på villspor eller villstig. Ellevill (frå dansk) har grunntydinga ‘gjord vill av alvetrolldom’. Aasen definerer villarkorn som «Tryllemiddel, hvorved En forvildes eller taber sin Hukommelse» (Norsk Ordbog). Ord som villgras og villstrå («koma på villstrå») vart visst opphavleg nytta om urter med tryllande kraft. Legg skulda på urtene neste gong du er ættvill (el. retningsvill), rådvill, døgervill eller villfaren på anna vis!
Frå grunntydinga ‘utamd’ er ikkje vegen lang til ‘livleg’, ‘styrlaus’, ‘oppøst’ og liknande. Villbassane og villstyringane hadde nok lika seg i Det ville vesten. Nokre av dei er i alle fall ville etter villvestfilmar. Me omtalar ikkje lenger andre folkeslag som ville, men me talar jamleg om villmannskøyring og annan villmannskap. Og som ordtaket seier: «D’er mang ein spak og still som før var kåt og vill.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.