Tjukkare enn vatn
Når tåka ligg tjukk som graut og natta tjuknar til, ser me heller lite. Tjukke brilleglas hjelper ikkje då. Kva med tjukk lommebok? Det beste er å ha nokon som held saman med oss i tjukt og tynt. Ja, eller som er viljuge til å gå gjennom tjukt og tynt for oss. Om desse folka er tjukke eller tynne, spelar inga rolle.
Mange har lært at det er stygt å nytta tjukk om folk, men her skal me ikkje vera so tjukke i hovudet at me retter oss etter slike råd og bod utan å granska dei nøgnare. Visst er det so at tjukk lenge har vorte nytta på stygge måtar, til dømes i tilrop der avsendaren har til føremål å såra (jf. tjukka, tjukken, tjukkas, tjukking).
Nokre held seg frå å slengja drit, men tillèt seg å seia tjukk om og til folk i samanhengar der tjukn er heilt irrelevant. Jamvel tjukkhuda folk skjønar at det er keitt å få høyra slikt jamt. Men kva skal ein seia når kroppsform og vekt er relevant? Her som elles er det ein god regel å spørja folk kva ord dei vil ein skal nytta, og lempa seg etter det. Då finn ein ut at somme oppfattar tjukk som eit skildrande og fint ord – mykje betre enn overvektig, til dømes.
Det er elles ikkje uvanleg at folk som nyttar tjukk om seg sjølve, får til svar at «nei då, du er fin!». Korleis skal me tolka det? Som at tjukk tyder ‘stygg’? I alle høve har kroppar flest tjukke delar. Me har tjukktarm og tjukklegger, og nokre har tjukke fingrar eller tjukt hår. Ordlaget «gå tjukk» tyder ‘gå med barn’ (jf. stortjukk ‘høggravid’, ungetjukk). Stundom ligg gleda eller nervane tjukt utanpå, og røysta kan verta tjukk (‘uklår, gråtkjøvd’).
I mange av dei nemnde døma er tjukk nytta i tydinga ‘som har stor omkrins, stort tverrmål, diger’. Kan henda var det den opphavlege tydinga òg. Ordet har elles former som svensk tjock, dansk tyk, engelsk thick og tysk dick.
Me smør ikkje tjukt på om me seier at tjukk har mange andre tydingar. Me nyttar det om noko som står eller veks tett saman («tjukt gras», «tjukt med folk»), og om væsker som flyt tungt («tjukk olje», tjukkmjølk, tjuktflytande, fortjukkingsmiddel). Mange har røynt at blod er tjukkare enn vatn. I vendinga «tjukke slekta» (frå svensk) dreiar det seg om tjukk i tydinga ‘tett’. Me kan òg nytta tjukk om usannsynlege eller overdrivne utsegner («den er for tjukk!»).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.