Enorme utfordringar
Korleis skal ein, etter den groteske massakren til Hamas og Israels grufulle bombing og bakkeinvasjon av Gaza, koma i gang med ein reell fredsprosess?
Demonstrasjon i Oslo i samband med Israel-Palestina-konflikten.
Foto: Emilie Holtet / NTB
Bør Noreg godkjenna staten Palestina? Det har lite for seg, anna enn som ei rein symbolhandling. For Palestina i dag har ikkje fysisk kontroll over eige landområde og er såleis ikkje stand til å utøva statleg suverenitet.
Det er likevel liten tvil om at løysinga på den tilsynelatande evigvarande konflikten i Midtausten er ei tostatsløysning og oppretting av ein reelt sjølvstendig palestinsk stat. Jo før, jo betre.
Men som Midtausten-forskar Hilde Henriksen Waage seier til VG, kan ei norsk anerkjenning – og ei politisk markering, som det i så fall vil vera – verka mot sin hensikt. Det ein i staden må bidra til, er ei realpolitisk tilnærming med sikte på fred.
Men korleis skal ein, etter den groteske massakren til Hamas og Israels grufulle bombing og bakkeinvasjon av Gaza, koma i gang med ein reell fredsprosess? Vi står overfor nesten uoverkommelege utfordringar.
For kven skal no representera palestinarane på Gaza? I Afghanistan var motpartane viljuge til å forhandla med Taliban, men vil ein etter 7. oktober forhandla med ein terrororganisasjon som Hamas? Og kva skjer på Vestbreidda? Der har vi alt sett ei valdeleg utviding av konflikten mellom Israel og palestinarane.
Utviklinga på Vestbreidda kan fort føra til at dei palestinske sjølvstyrestyresmaktene står att utan legitimitet, og at resultatet, trass svekkinga av Hamas, er framveksten av endå meir ekstreme grupper både på Vestbreidda og Gaza.
Det er heller ingen ting som tyder på at Israel vi stogga utvidinga av dei ulovlege busetjingane på palestinske område – ein uakseptabel politikk som øydelegg kvar sjanse for fred. For ein fredsavtale og ei tostatsløysing utan at Israel gjev opp okkupasjonen og dei israelske nybyggjarområda, er umogeleg å få til.
Det meste er no i spel. Det er uhyggjelege tider, og det er uråd å spå utfallet.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein kraftig eksplosjon ramma eit bustadområde utanfor Uppsala 28. september. Ei kvinne vart drepen.
Foto: Anders Wiklund / TT / NTB
Den dyrebare fridomen frå vald
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) fekk ei klar tilråing om å droppe Nord-Noregbanen i ei ny utgreiing frå Jernbanedirektoratet. Her saman med Anders Kirsebom, konserndirektør for regionale lufthamner, Sven Martin Tønnesen, avdelingsdirektør i Kystverket, Knut Sletta, jernbanedirektør, og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Foto: Fritz Hansen / Fremover / NTB
Nord-Noregbanen vert for dyr