Arkivet: Dylan, 1997
Det skulle ha vore interessant å vere fluge på veggen då Bob Dylan og produsent Daniel Lanois vart ståande og krangle på parkeringsplassen utanfor Criteria-studioet i Miami ein januardag i 1997. Dei vart ikkje samde om korleis «Mississippi» skulle høyrast ut, og til slutt vart ikkje songen med på Time Out of Mind, som kom ut same haust.
Det vart siste gong Dylan arbeidde med ein produsent, etter denne innspelinga gjorde han jobben sjølv, og då Love and Theft kom i 2001, dukka «Mississippi» opp igjen, i ei drakt sjefen sjølv kunne seie seg nøgd med.
Alt dette og meir til kan du lese om i eit nyskrive essay av Douglas Brinkley, medan du fordjupar deg i materialet rundt Time Out of Mind, om du skaffar deg boksen Fragments: Time Out of Mind Sessions (1996–1997). For dei som held Time Out of Mind høgt, kan eg love ei feststund av dei sjeldne. I tillegg til Brinkleys fabelaktige tekst finst det også eit nyskrive essay av Steven Hyden her – ein heilt annan generasjon Dylan-lyttar, med andre inngangar. Fragments er den syttande utgåva i The Bootleg Series og høyrer etter mitt syn til mellom dei sterkaste, med tidlege versjonar frå Teatro-studioet til Lanois, nye miksar ved Michael Brauer, og alternative opptak av særs høg kvalitet.
Fleire av konsertversjonane er også strålande, mellom dei ein gneistrande «Can’t Wait» frå oslokonserten i mai 2000.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.