Arkivet: Tommy McLain
Av og til har desse comebackhistoriene ein eigen sjarm, særleg når ei tilbakevending ikkje skjer med jamne, strategiske mellomrom, eller av reint økonomiske årsaker. Skal ein komme tilbake, må ein nesten først vere borte. Og det var saktens Tommy McLain (f. 1940), som nyleg gav ut I Ran Down Every Dream, den første verkelege plateutgivinga frå den kanten på meir enn førti år (sidan Backwoods Bayou Adventure, 1979). Kanskje finst det lesarar som kjenner McLains eine hit, «Sweet Dreams» (1966)?
Det er vel ein klisjé, men det er noko heilt eige når lyden av levt liv er til å høyre i ei røyst. For denne lyttaren er det nett avgrensingane i McLains register som gir vokalen særpreg, for berre McLain høyrest heilt ut som McLain, for å parafrasere eit ordtak eit plateselskap ein gong laga om Bob Dylan.
Skal du ha eit godt døme på kva eg meiner, treng du ikkje meir enn dei første par minutta av det fine opningssporet på denne nye plata, «No Tomorrows Now», der også Steve Riley er med på eit trekkspel som tek oss med til McLains heimdelstat Louisiana, og minner oss på artistens forankring i det som gjerne vert kalla «swamp pop».
Det er også litt av ein gjeng som er med og gjestar McLain på I Ran Down Every Dream. I tittelsporet dukkar ein umiskjenneleg Elvis Costello opp – og tek akkurat nok plass. Så dukkar dei opp, som perler på ei snor, i spor etter spor: Ed Harcourt, Augie Meyers, Ivan Neville, Van Dyke Parks – for å nemne nokre. Men tvil ikkje: I Ran Down Every Dream er verkeleg McLains album.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.