Bob Dylan er gjenskapt
I 60 år har songpoeten gjenskapt seg sjølv. Ei av dei mest spanande forvandlingane skjer no.
Konsert
Bob Dylan:
«Rough and Rowdy Ways World Wide Tour 2021–2024»
Oslo Spektrum, sundag 25. september
Interessa for Bob Dylan har auka att. Oslo Spektrum var fullsett sundag. Mange som har svore på at han ikkje var verd å høyra på lenger, hadde likevel innfunne seg. Dei fyrste instrumentalminutta tenkte dei nok at alt var ved det gamle: ei sliten røyst gøymd i skranglete bluesrock.
Taktinstinkt
Plutseleg retta folk seg opp i seta. Som ein fanfare lydde ei klår, høg og myndig røyst, med unik frijazzfrasering og eit taktinstinkt som Frank Sinatra.
Slik gjekk halvannan time. Ein 81-åring har gjenskapt seg sjølv. Korleis var det mogeleg?
Hans Never Ending Tour – som byrja i 1988 og omfatta drygt 3000 konsertar – enda med pandemi og kansellerte 2020-konsertar. Nedstenginga nytta han til å ferdigstilla sitt fyrste studioalbum med eige materiale på meir enn ti år, Rough and Rowdy Ways (2021). Det er songar derfrå som dominerer konserten.
Albumet er eit av hans aller beste. For fyrste gong, etter 60 år med utgjevingar, toppa han Billboard.
Då verda opna att, hadde han eit ferskt album å turnera med, fyrst 75 konsertar i Nord-Amerika, og no 30 i Europa, med Noreg fyrst.
Litterært metta
Dei nye songane er skrivne for røysta han no har. Dei leikne og litterært metta tekstane er skrivne med sjølvtilliten til ein nobelprisvinnar som veit han er det næraste tida vår kjem Shakespeare. Høgdepunkta er mange og lange: «I Contain Multitudes», «Black Rider», «Key West».
Han framfører langdikt til musikk. Språkbarrieren dempar opplevinga for dei som ikkje kan tekstane. Då eg i november høyrde same konserten i New York, høyrde eg òg ei heilt anna samhandling mellom scene og sal.
To av dei få gamlesongane han har funne plass til, er overraskande for mange frå tida hans som karismatisk kristen kring 1980, «Gotta Serve Somebody» og «Every Grain of Sand», som avsluttar kvelden med ein høgare himmel enn ein til vanleg ser i Spektrum.
Håvard Rem
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Så lada
Kjersti Elvik, Kristian Berg Jåtten, Jonatan Filip og Jon Ketil Johnsen i Arthur Millers stykke.
Foto: Den Nationale Scene
Når illusjonane drep