Dødsdans på høggir
Bakgrunnshistoria veiknar i elles sprekt spela Strindberg-tolking.
Jon Øigarden, Pia Tjelta og Thorbjørn Harr på Torshovteatret.
Foto: Erika Hebbert
Nationaltheatret / Torshovteatret
August Strindberg:
Dødsdansen
Omsett av Kjell Askildsen
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostymedesign: Even Børsum
Komponist: Nils Petter Molvær
Dødsdansen er eit av dei Strindberg-stykka som oftast vert sett opp att. Det er ein tekst med gode sjansar for at skodespelarane får utteljing, rikt som det er på giftige og desperate dialogar. Men handlingstrådane hjå Strindberg er ikkje like lineært logiske som hjå Ibsen. Strindberg strekte seg òg mot ein annan type naturalisme enn den norske konkurrenten.
I Marit Moum Aunes nye, kjapt temperamentsfulle oppsetjing på Torshovteatret er originalteksten så pass komprimert at vi må streve litt for å skjøne relasjonane og fortidsskrømta hjå personane. Ut over det har dei god dekning for rollene.
Pia Tjelta og Jon Øigarden, som det hatefullt lagnadsdømde ekteparet, og Thorbjørn Harr, som den kriseutløysande tredjepersonen, får situasjonane til å akselerere ganske så vilt i det intime rommet på Torshovteatret, etter kvart omgjevne av utstoppa dyr på alle kantar. Eit grotesk bilete på død og tørke.
Vi vert vel meir imponerte enn eigentleg gripne, og tanken snik seg innpå: Vert tempoet for høgt og kvilelaust, kan ei teaterframsyning gå i retning av å bli ei rein teknikk- og kondisjonsøving. Så gale har det ikkje gått, men denne Dødsdansen hadde ikkje hatt vondt av eit par skeier ettertanke i spelestilen.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.