Film framom alt
Sjølvbiografiske Steven Spielberg sjarmerer som filmnerd.
Den første turen på kino er skilsetjande for Sam Fabelman.
Foto: Merie Weismiller Wallace / Univers / Norsk Film Distribusjon
Drama
Regi: Steven Spielberg
The Fabelmans
Med: Gabriel LaBelle, Michelle Williams, Paul Dano
Kinofilm
Historia om Sam Fabelman (LaBelle) er i stor grad basert på oppveksten til regissøren Steven Spielberg sjølv. Vi følgjer familien Fabelman frå Ohio til Arizona og seinare California.
Den første turen på kino er skilsetjande for guten. Snarast råd byrjar han å filme ting sjølv. Som ungdom tar produksjonane stadig meir av. Dette er danningshistoria om filmskaparen Spielberg.
Ingeniørkunst
The Fabelmans osar av kjærleik til film. Faren (Dano) er ein dyktig elektroingeniør som ser film som hobby, men forteljinga gjer det tydeleg at filmskaparar og ingeniørar har ein god del sams. Film krev praktisk sans.
Vi får sjå lure løysingar som å stikke hol på filmrull med knappenål for å gje ein illusjon av skotglimt. Det er tydeleg at guten som skulle bli verdas mest kommersielt suksessrike filmskapar, frå fyrste stund elska det spektakulære i film. Skildringar av sinnrike løysingar for å fortelje med bilete i rørsle er det beste med filmen. Bruken av bilete frå film i filmen er saumlaust briljant.
Oscar-nominasjonar for skyhøgt nivå på klipp og kamera hadde vore meir på sin plass enn eit par av dei sju nominasjonane filmen faktisk har fått. Vi får eit heilskapleg uttrykk av velsmurt maskineri.
Kunstnarsjel
Film krev òg fantasi. I forteljinga til Spielberg er mora (Williams) som kunstnarsjel kjelda her. Rolla som husmor gav henne ikkje rom for å utnytte potensialet som musikar. Men ho forstår og stør sonen. Deira forhold er vart skildra, spesielt når det knakar i samanføyingane for familien. Michelle Williams gjer den mest imponerande tolkinga blant stjernene på rollelista. Ho får fram at det kan koste å ha eit fritt sinn midt i den amerikanske draumen. Ein elles litt naiv film gjev lette vink til både kjønnsstrukturar og ein sterkt levande antisemittisme etter andre verdskrigen.
Eg har ikkje store forventingar til nye filmar av Spielberg. Dei kjennest ofte som strigla pengemaskiner. Trass i eit romantisk forhold til gamle storfilmar som E.T., Jurassic Park og Indiana Jones-filmane var eg ekstra skeptisk til ein sjølvsentrert film om korleis han blei filmskapar. Heldigvis snudde humøret fort.
Spielberg er gjerne harmlaus, men han hyllar skapargleda og filmnerdar på eit vis som smittar. Han er trygg og stødig. Ein artig bonus er den stilistiske motsatsen David Lynch i rolla som John Ford. The Fabelmans er ei god kinooppleving av den gamle skulen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Spielberg hyllar skapargleda og filmnerdar på eit vis som smittar.