Den gode terroristen
Melodrama, musikkvideo og mørkt materiale frå Molenbeek i sterk film.
Den tidlegare kriminelle Kamal (Aboubakr Bensaihi) dreg attende til Syria for å hjelpe krigsoffer.
Foto: Robrecht Heyvaert / Another World Entertainment
Actiondrama
Regi: Adil El Arbi og Bilall Fallah
Rebel
Med: Aboubakr Bensaihi, Lubna Azabal, Amir El Arbi
Kinofilm
Tolvåringen Nassim (El Arbi) og mora Leila (Azabal) får sjå ein video av bror og son Kamal (Bensaihi), som forsvann frå Belgia i 2014. Den ein gong greie guten avrettar syriske soldatar for Den islamske staten. Rykta om at Kamal er med i IS, spreier seg som eld i tørt gras heime i Molenbeek.
Vi hoppar att og fram, og ser korleis ein sosial, småkriminell mopedentusiast gjekk vegen via altruistisk naudhjelp i Syria til IS. Vetlebroren i Brussel byrjar få merksemd frå tvilsame typar.
Heiderleg siktemål
Filmen byggjer på fleire sanne historier. Belgiske Molenbeek er kjend som ein utklekkingsstad for terroristar. Det er ein del kjende element her, men klisjeane florerer heldigvis ikkje. Dei gnir ikkje inn misera på heimebane.
Mora er god. Ho vaskar metroen, men det blir ikkje på noko vis hamra inn at sosial naud utløyser ekstremisme. Filmen er nyansert nok. Skulda hamnar på apatiske representantar for styresmakter og skule, lokale opportunistar som rekrutterer, og nådelaust brutale leiarar og soldatar hjå IS. Ikkje alle hamna der med vilje, og det er slett ikkje lett å komme ut. Kamal er ein slik. Vi tvilar sjeldan på at Kamal er snill. Han vil det beste, men overleving krev balanse mellom mot og feigskap.
Styrkeprøve
Røynda under IS-styret er rå. Rebel er eit drama i botnen, men byd på action og krigsscener. Brått bryt ein med realismen og spring til musikkvideoformat fleire gonger. Aboubakr Bensaihi, som spelar Kamal, avslører at han òg har ein karriere innan rap. Det blir dans og flammar.
Sekvensane gjer at filmen skil seg ut. Dei spelar òg tungt på kjensler. Ein kan vel knapt skulde filmen for å vere for melodramatisk med det brutale grunnlaget. Nokre av vendingane i forteljinga elles verkar meir utrulege, men ufattelege ting har tvillaust hendt.
Lubna Azabal er utruleg god som mora Leila. Dei heldige har sett ho i Maryam Touzanis nydelege marokkanske drama Adam og The Blue Caftan, eller meir kjende Nawals hemmelighet – Incendies av Denis Villeneuve.
Regissørane Adil El Arbi og Bilall Fallah har tidlegare laga actionfilmar som Bad Boys for Life i Hollywood. No er dei to belgiarane på heimebane. Rebel er ei sterk, dramatisk utforsking av vanvitige lagnader for folk med liknande bakgrunn.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rebel er eit drama i botnen, men byd på action og krigsscener.