Saabye Christensen opnar opp om livet – men filmen famlar
Filmen er korkje spontan dokumentasjon eller ei velstrukturert regissert skildring.
I dokumentarfilmen snakkar Lars Saabye Christensen om virket sitt som forfattar og musikar.
Foto: Holmberg Film

Dokumentarfilm
Regi: Bjørn-Owe
Holmberg
Livet er den tiden det tar å dø
Med: Lars Saabye Christensen, Kåre Virud
Kinofilm
Forfattaren Lars Saabye Christensen nyt stor suksess og respekt med god grunn. Under pandemien fekk fotografen Bjørn-Owe Holmberg filme osloensaren under innspelinga av plata Heder og verdighet av bandet Norsk Utflukt, der forfattaren les dikta sine til tonane av bluesen bandet spelar.
Mest fortel Saabye Christensen om litteraturen, livssynet, musikken og døden.
Svake takter
I første scene kjem ulike klipp av Christensen som freistar formulere betre svar på korleis forfattarverket byrja. Løysinga gjev forståing for at dokumentarfilmen inneber iscenesetjing, og at røynda ikkje er perfekt og velartikulert. Men eg kjem kjapt fram til at her er det noko som ikkje stemmer. Filmen er korkje spontan dokumentasjon eller ei velstrukturert regissert skildring.
Teknisk sviktar filmen i mange ledd. Lydbiletet er direkte dårleg. Lyden er ujamn og prega av forstyrrande detaljar som i ein amatørfilm. Både teknikken ved opptak og etterarbeid verkar å ha havarert. Klippen er stakkato og keitete. Ingenting flyt, utan at det fungerer som ein gjennomtenkt rastlaus stil.
Bileta er blasse i ljos og fargar. Utsnitta er helst preglause intervjuseansar med eit par triks gjennom vindauge for distanse. Elles vekslar forsøksvis poetiske avbrekksbilete mellom vatn, himmel og graver, stundom i svartkvitt. Bølger i sakte film er ikkje min idé av stor filmkunst.
Tidtrøyte
Tekstplakatar med «Fellesskapet», «Tiden», «Døden» og «Håpet» legg struktur til filmen. Ein gløttar jamt tilbake til øvingslokalet og scena med bandkameratane. Vennskapen gjev meining. Dei stør kvarandre i kjærleiken til ei svunnen tid.
Lars Saabye Christensen er sjuk. Han ser tynn ut og er ustødig i gangen, men skarp i blikk og replikk. Han snakkar om Knut Hamsun, The Doors og The Beatles, og lyttar til John Lee Hooker med blueskameraten Kåre Virud.
Vi blir med på ei reise tilbake til Sortland, der han budde i 15 år, mykje for å gå i fotspora til helten Hamsun. Den sjuke diktaren les diktet «Gutta» med tung nostalgi i stemma. Han lirar av seg enkle rim i tett stim.
Tid er eit sentralt tema for Christensen, men tida verkar å ha gått frå gjengen. Forfattaren lèt praten gå og verkar sjølvnøgd. Eg får inntrykk av at det skal vere sjølvsagt at alle verka hans er store, og at denne filmen er viktig. Diverre yter ikkje filmen den store forfattaren rettferd.
Viss eg skal sjå vise norske menn filosofera på stort lerret, tar eg heller ein reprise av Fedrelandet av Margreth Olin. Norsk dokumentarfilm er som kjent inne i ein gullalder. Livet er den tiden det tar å dø er ikkje ein del av tendensen. Det er sjeldan at filmar med så slett handverk kjem på kino.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
John David Washington som den tidlegare spesialagenten Joshua og Madeleine Yuna Voyles som Alphie.
20th Century Studios
KI-krig og fred
Dolph Lundgren, Jason Statham, 50 Cent, Megan Fox og Tony Jaa i verdas siste forsvarsline.
Foto: Another World Entertainment
Slett spetakkel