I svevet
Ole Sverre Olsen skriv godlynt om svevande lekamar i ei bok som er tilnærma vektlaus.
Ole Sverre Olsen.
Arkivfoto: Håvard Rem
Roman
Ole Sverre Olsen:
Sveveren
Wanax Forlag
Vitskapen når stadig nye høgder og finn ut det eine etter det andre. Det ingen veit enno, kjem nokon til å vita, og mellom oss har me allereie folk som kan dei mest fantastiske ting. Hjernekirurgar og kvantefysikarar, og til og med – visstnok – folk som kan falda eit jerseylaken på ein estetisk akseptabel måte, men å sveva i lause lufta utan hjelp av noko slag, det er det ikkje noko menneske som kan.
Samstundes har sjølv dei aller klokaste framleis til gode å forstå det me oppfattar som tyngdekraft, fullt ut. Men eitkvart er det som gjer at brødskiva ramlar på golvet, med smørsida ned, og ikkje av seg sjølv sprett opp i taket.
Svevekunst
I fabelen – eller romanen – Sveveren skriv Ole Sverre Olsen om ein viss Fernando Nostrami frå Lombardia, ein kar som til tider vert vektlaus og svevar. Ein dag kjem det fram at andre også har byrja å sveva ikring, også dei i Italia, og Fernando vert oppringd av ein barndomskamerat, Martinelli, som no er borgarmeister i Como, i høve saka.
Brått vert det om å gjera å finna ut av årsaka til fenomenet, som det ikkje ser ut til at Fernando har undra seg mykje over i dei mange åra han har meistra svevekunsten. Ikkje har han nytta evna til noko særs heller, og vitskapen, ikkje minst den medisinske, ser ut til å ha ignorert han fullstendig.
Saman med Martinelli tek Fernando til med etterforsking på området, og etter litt om og men kjem dei på sporet av ein alkymist og tidlegare apotekarlærling, Luigi Seriani, som, ikkje uventa for lesaren, er personen bak den tidvise opphevinga av gravitasjonen.
Seriani har, under pseudonymet Angelius Mérelle, skrive ei bok om alkymi, der han nemner at han fekk kunnskap på området frå ein engel som flaug ut or ein elvemusling han hadde sanka i elva Isar, så då skulle alt vere på det reine. Det syner seg også, heilt til slutt, at Seriani, Mérelle og forfattaren Olsen, som då berre presenterer seg som O. S. O, utgjer ei treeining, eller ein Olsen-bande, som vert ein firarbande når engelen er med.
Dette verkar kan hende forvirrande, men Olsen skriv klårt og forstandig om alle fenomena i boka, ikkje slik at ein trur på dei, men likevel på sjarmerande vis, i ei bok som utmerker seg med å vera godlynt. Her står ikkje mykje på spel, og sjølv når svevarane, som har fått evnene sine ved å drikka brus, stig høgt i sky, er dei ikkje i fare på noko vis.
Ingen trugsmål
Frå forfattarskapen til Roald Dahl hugsar vel mange SVK, Store Vennlige Kjempe, og brusen hans, der boblene går nedover, slik at ein kan fjertehoppe, men hjå Olsen er verknaden av det meir verdige slaget. Brusen er ved eit uhell tilsett væske som Seriani, med milde svartekunster, har manipulert, men det er berre for Fernando, som så å seie ramla i styrkedropegryta som foster, at verknaden er permanent.
Dette er ei triveleg bok, lett og luftig, men ikkje keisam. Sjølv om ein kan lesa teksten allegorisk, og sjå svevinga som eit bilete på frelse for den som tek imot nåde (nattverd), skjer det potensielt viktige for mykje på slump til at det får tyngd. Boka saknar eit trugsmål, eit Higgs-boson som tilfører masse, kan hende av di forfattaren, som er god på miljøskildring og tydelegvis er ein kunnskapsrik person, ikkje har funne, eller vil ha, ei retning for teksten. Men på eit anna plan høver det godt med innhaldet, av di romanen vert just svevande.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.