Arkivet: Etter flaumen
Naturkatastrofar er eit kjent tema i amerikansk blues, jazz og folk.
Naturkatastrofar er eit kjent tema i amerikansk blues, jazz og folk. Fleire songar har uvisst opphav, men Back Water Blues, ei av dei mest kjende platene til Bessie Smith, blei skriven av ho sjølv.
Av kjeldematerialet veit vi at ho var på turné i området då Cumberland-elva på si ferd gjennom Nashville i Tennessee fløymde over jula 1926. 10.000 blei heimlause. På nyåret var ho i studio i New York saman med pianisten James P. Johnson og spelte inn songen som skulle bli ein jazz- og bluesstandard:
«Back water blues done caused me to pack my things and go/ ‘cause my house fell down and I can’t live there no mo’.»
Ikkje før var plata ute, så brast demningane langs Mississippi-elva og fleire tusen drukna. «Back Water Blues» var startskotet for songane om storflaumen i 1927. Charley Patton med «High Water Everywhere» og John Lee Hooker «Tupelo» er to andre.
Då New Orleans blei råka av orkanen Katrina i 2005, gjekk dei fremste musikarane i byen saman om det gripande velgjerdsalbumet Our New Orleans (2005) til inntekt for flaumofra. Irma Thomas, byens eiga souldronning, spelte inn ein sjelevrengande «Back Water Blues» som ei hyllest til Bessie Smith.
Ho hadde sjølv mista huset sitt i ein flaum i 1969, og i 2005 mista ho klubben ho dreiv.
Vi tenker på dei som har mista husa sine no.
Øyvind Pharo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.