Arkivet: The Weight
The Band, med Richard Manuel på piano, bassgitarist Rick Danko, gitarist Robbie Robertson og trommeslagar Levon Helm, som også er hovudvokalist på «The Weight».
Foto: John Storey / AP / NTB
Robbie Robertson (1943–2023) var opphavsmannen til dei fleste songane til The Band. Ein av dei mest kjende var «The Weight» frå debutalbumet Music from Big Pink frå 1968. Robertson har i intervju fortalt om tilblivinga av den gåtefulle teksten som ikkje i éi einaste versline inneheld ordet weight.
Den gatesmarte Robbie frå Toronto hadde droppa ut av high school for å bli rock’n’roll-musikar, og han var også diamantkurer for den jødiske mafiaonkelen sin og godt kjend i diamantdistriktet på Manhattan. Der låg Gotham Book Mart, som Robertson oppsøkte for å lese manuskript til europeiske kunstfilmar.
«Pulled into Nazareth feelin’ ‘bout half-past dead/ I just need a place where I can lay my head/ He just grinned and shook my hand/ And ’No’ was all he said.»
Slik opnar «The Weight» følgd av gospelrefrenget «Take a load off Fanny». I Nazareth voks Jesus opp, men Robbie blei inspirert av fabrikkstempelet Nazareth, Pennsylvania i gitarholet på Martin-gitaren hans.
Dermed assosierte han til filmen Nazarin av den surrealistiske regissøren Luis Buñuel. I kvar strofe av «The Weight» dukkar det opp ein som vil lesse børene sine over på hovudpersonen, som reiser gjennom eit bibelsk sørstatslandskap befolka av karakterar som Luke, Miss Moses og The Devil.
Men kven var Fanny? Frances «Fanny» Steloff var sjefen for Gotham Book Mart.
Øyvind Pharo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.