Detaljrikdom og teknisk overskot
Etter snart 60 år på scenen viser Sigmund Sæther at han framleis er i toppform.
Gamaldans
Sigmund’s Orkester:
Sigmunds spesial
Farmen Musikkopplevelser
For nokre veker sidan skreiv eg om den nye plata til Kongsberg trekkspillklubb. Denne gongen er det tale om ein annan og meir kompleks type gamaldans.
Trekkspelaren Sigmund Sæther frå Selbu i Trøndelag har sidan slutten av 60-talet leia fleire gamaldansgrupper, og han stod dei neste tiåra bak fleire populære kassettproduksjonar. På Sigmunds spesial har 73-åringen fått med seg dei noko yngre medspelarane Øyvind Farmen (trekkspel), Pål Steinar Flakne (bass) og Kaj R. Endresen (trommer).
Stilistisk er dette ein type gamaldans der velkjende danseformer som vals, reinlendar og masurka er utgangspunktet. Ofte er slik musikk effektivt, men enkelt utført, med stødig rytme og ukomplisert harmonikk.
Men her er det annleis: Både rytmisk og harmonisk er musikken mange stader tydeleg påverka av swingjazz. Og samstundes som dette er funksjonell dansemusikk, er musikken svært mangfaldig. Dei to trekkspelarane, som begge trakterer knappespel, er begge svært virtuose, og arrangementa er tette og svært detaljerte. Det er nesten noko akrobataktig over desse imponerande prestasjonane. Men det tippar likevel ikkje over: Det er heile tida ein god balanse mellom det funksjonelle og det poserande.
På nokre av spora er kvartetten utvida med gjestene Sturla Eide (fele), John Oddstein Aune (gitar) og Bjørn Tomren (jodling), og dessutan syng trommelagar Endresen på eit spor. I det heile er det svært mykje musikalsk informasjon på denne produksjonen, og keisamt er det aldri.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.