Eventyrblanding
Avinds tredje plate er den beste frå bandet så langt.
Avind med Tonje Tafjord, Øyvind Røsrud Gundersen, Amund Stokke, Gudmund Bolstad Skjær og Eirik Kirkemyr.
Pressefoto
Rock
Avind:
Stiller altfor mange krav
Banditt Media
Dei har noko eige, desse forteljingane som fører deg vidare og vidare utan at du heilt får auge på destinasjonen – du berre veit at du vil vere med vidare. Det har eg ofte tenkt i møtet med litteraturen til den japanske forfattaren Haruki Murakami, til dømes, og nokre gonger kan ein song få det til – som «Eventyrblanding» på Stiller altfor mange krav, det tredje albumet frå Avind som straks er ute.
Mytisk klangbotn
«Eg leita rundt heile huset/ etter deg», heiter det i opninga, mot eit laust og ledig komp og ein fin gitarfigur, «fann meg ein plass/ der eg trur veggane snakka til meg.» Bileta er klare, men mystiske – vi skal vidare, med sko på, inn i ein skog, «svart og stor», til ei rås. Kva ventar?
Låtuniverset til Tonje Tafjord har alltid vore skarpt, men med Stiller altfor mange krav er det som om det har opna seg opp og rommar meir. Tekstane, som ofte har vore nære, tett på og fulle av det gjennomlevde, er framleis tydelege, men friare og fullare av flukt, av fantasi, av nye retningar tankane kan føre ein i.
Glaset er opna, og all slags lyd og luft strøymer inn i rommet og ber bod om verda der ute. Eg har vendt tilbake til «Eventyrblanding» fleire gonger alt, til røysta, musikken, til dei mytiske klangbotnane – kort sagt til rikdomen songen rommar. Nokre låtar toler det, og dette er ein av dei.
Dette nye, opne landskapet kjem også av at gjengen i Avind har sleppt til fleire musikalske krefter denne gongen, med samarbeid med Louien og Remi Christensen (Mads Christensen, Utakk) og produsent Kyrre Laastad (Jenny Hval, Christian Winther, Moon Relay), som også er med som musikar.
Plata har vorte til i fasar – først i Øra studio med Laastad, så i Ocean Sound Recordings på Giske, der bandet har produsert sjølv, før dei siste brikkene har falle på plass i Brageveien studio på Adamstua i Oslo.
Poetisk teft
Sentralt i dette uttrykkets DNA står framleis Tafjords poetiske teft og røyst, som i «Tankegartnaren», som fortel fint om korleis det er å vere eit grublande menneske, med tankar som har ein tendens til å verte viltveksande, kva ein no enn prøver å gjere med saka.
I «Ikkje tenk på det» må ein ut av rommet ein er åleine i, «kan’kje vere heime med hovudet mitt», heiter det – men når ein kjem seg dit alle folka er, vert det ikkje mindre komplisert. Det skal ikkje vere enkelt – og er det ikkje – verken i livet eller i songane til Avind.
Stiller altfor mange krav er ute 1. september.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.