Vakker hylling til Alperin
Tore Brunborg løftar kvar einaste plata han er med på.
Tore Brunborg, Helge Lien, Johannes Eick og Knut Aalefjær hyllar pianisten Misha Alperin (1956–2018).
Foto: CF Wesemberg
Jazz
Helge Lien Trio og Tore Brunborg:
Funeral Dance
Tore Brunborg, tenorsaksofon; Helge Lien, piano; Johannes Eick, bass; Knut Aalefjær, trommer.
Ozella Music
Den ukrainske pianisten, komponisten og pedagogen Mikhail (Misha) Alperin spelte i eit vestleg land for første gong på Vossa Jazz i 1989. Nokre år seinare flytta han til Noreg og blei professor ved Noregs musikkhøgskule. Dei som studerte under Alperin, er alle fulle av lovord om Alperin som pedagog og menneske. Han gjekk bort så altfor tidleg, 11. mai 2018. Helge Lien var ein av studentane til Alperin.
På same tid vende festivalleiaren for Maijazz, Per Hasse Andersen, seg til Lien med spørsmål om han kunne tenkja seg å gjera ein tingingskonsert saman med trioen og saksofonisten Tore Brunborg til festivalen året etter. Lien og Brunborg samarbeidde tett og delte på skrivinga. Urframføringa fann stad i Stavangeren på årsdagen for bortgangen til Alperin.
Musikken blei spelt inn i januar 2022. Komposisjonane til Brunborg og Lien har likskapstrekk som gjer at musikken samla sett har verkkarakter, men det er ikkje vanskeleg å høyra kven som har skrive kva. Både melodikk og harmonisk struktur avslører komponisten.
Det er tydeleg at repertoaret er jobba med i konsertsamanheng og har funne si form etter kvart. Arrangementa er enkle og effektive, og samspelet er tett. Det er spesielt fascinerande å lytta til den lett syrlege saksofontonen til Brunborg oppå den pulserande og mektige bassen til Eick. Brunborg har utvikla ein formsans i improvisasjonane sine som gjer han unik, også i internasjonal samanheng.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.