Musikkterapi frå Eidsvoll
Frontfigur Stian Carstensen spelar på sekkepipe.
Foto: Tommy Neverdal
Les også
Jim O’Rourke.
Foto: Grethe Nygaard
Berre ein trompet
Les også
Vil du vera med, så heng på
Les også
Utekonsert med Odd Nordstoga torsdag 12. august.
Foto: Grethe Nygaard
Festivalrevolusjonen
Les også
Bobo Stenson Trio spela i bystyresalen.
Foto: Tommy Neverdal
Når alt stemmer
Les også
Mariam Wallentin stod på scena saman med Vestnorsk Jazzensemble.
Foto: Svein Erik Fylkesnes
Fyrtårnet
Les også
Electric Eye tek imot applaus etter konserten.
Foto: Svein Erik Fylkesnes
Gjennomarbeidd

Konsert
Stian Carstensen Musical Sanatorium
Festiviteten, fredag
Den 21. mai i fjor hadde videoen Hippocampus Serenade premiere. Han sette ein støkk i mange som kjende multiinstrumentalisten og gjøglaren frå Eidsvoll. Videoen og musikkfølgje fortalte på surrealistisk vis om Carstensens veg attende frå fleire års sjukdom og inaktivitet.
Trass i ironien og surrealismen var også musikken og videoen prega av eit mørker som ikkje hadde vore merkbart i noko av det Carstensen hadde gjort tidlegare. Albumet Musical Sanatorium, som kom i november same år, stadfesta inntrykket. Han hadde brukt røynslene og tida frå sjukdomsperioden til å skapa ein unik hybrid av ei plate.
Fin flyt
Publikum i Festiviteten hadde garantert denne nære soga i bakhovudet og gav straks til kjenne at bandet hadde kome til vener. Det kunne også trengast. Flyet var forseinka, og tilskiparane hadde planlagt ein altfor kort rigge- og lydprøveperiode for ein så komplisert produksjon. Konserten blei utsett ein halvtime, og bandet fekk streng beskjed om at dei måtte avslutta seinast klokka 19.50, slik at publikum kunne nå neste prestisjekonsert. På denne bakgrunnen er det meir enn imponerande at Carstensen greidde å få så fin flyt og så god heilskap i konserten.
Stian Carstensen, som sjølv trakterte trekkspel, gitar, banjo og kaval, hadde med seg ein strykekvartett sett saman av Ola Kvernberg og Atle Sponberg (fiolin), Aine Suzuki (bratsj) og Audun Andre Sandvik (cello). I tillegg var Sidsel Walstad med på harpe, Torbjørn Dyrud på tangentinstrument og Giani Lincan på cimbalom, pluss Farmers Market-tandemet Finn Guttormsen (bass) og Jarle Vespestad (trommer). Rosina i pølsa var stortalentet Ola Erlien på gitar. Eit krutsterkt lag!
Intrikat ensemblespel
Repertoaret var sett saman av låtar frå det nemnde albumet, og dei par første låtane vart framførte medan den eine bandmedlemen etter den andre gestikulerte i retning av lydteknikaren for å få ulike instrument sterkare eller svakare i monitoren. På dette tidspunktet hadde Carstensen bruk for standup-talentet sitt.
Etter kvart fall monitorlyden på plass, og bandet kunne fullt ut konsentrera seg om musikken. Fokuset skifta heile tida frå intrikat ensemblespel til solistiske ytringar, og ein kunne notera fleire høgdepunkt undervegs, mellom anna duetten mellom Carstensen på indisk scatsong og Vespestad på trommer.
Slikt samspel krev meir enn øving. Høgdepunktet på konserten var Mahavishnu Orchestra-hyllinga «Cortex Courante» med Erlien i Jan Hammer-rollen. Eg ser fram til å høyra bandet under meir optimale omstende.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Så lada
Kjersti Elvik, Kristian Berg Jåtten, Jonatan Filip og Jon Ketil Johnsen i Arthur Millers stykke.
Foto: Den Nationale Scene
Når illusjonane drep