Nerdar med sjarm
Den norske familiefilmen Dancing Queen vinn hjarta til store òg.
Liv Elvira Kippersund Larsson får fram ein skikkeleg dose talent.
Foto: Åsmund Hasli / Ymer Media
DRAMA/FAMILIEFILM
Regi: Aurora Gossé
Dancing Queen
Med: Liv Elvira Kippersund
Larsson, Sturla Harbitz, Anne Marit Jacobsen
Kinofilm
Mina (Kippersund Larsson) og bestevenen Markus (Harbitz) er tolv år gamle nerdar frå Hamar. Dei får alt rett i naturfag og matematikk. Dei dansar ikkje. Det gjeld heilt til ein kul kis frå Oslo kjem inn skuleporten.
Hiphopdansaren ED Win, eller Edwin, har tallause følgjarar i sosiale medium. Mina fell pladask. Ho melder seg på audition for dansetevlinga The Mjøsa Challenge.
Det verkar som Aurora Gossé regisserer med kjærleik til figurane, musikken og dansen. Det smittar. Nokre av dei mange figurane er enkle. Regissøren får dei med i ein effektivt fortalt film for eit ungt publikum, og mange får nyansar å smaka på etter kvart.
Filmen flyt lett, med opp- og nedturar. Problematikk og spenningskurve er lette å kjenne igjen. Det er kjende scenario frå skulefilmar. Ikkje at det er noko gale med det. Eg takkar ja til publikumsfrieriet.
Mange skodespelar er gode, både kjende og ukjende. Nykomaren Liv Elvira Kippersund Larsson står støtt i hovudrolla og får fram ein skikkeleg dose talent. Det manglar ikkje på barnleg sjarm hjå ho og Sturla Harbitz, som spelar forsømt besteven. Cengiz Al spelar danseinstruktør og seglar opp som ein som bør få fleire leiande roller framover.
Det kryr elles av røynde, stødige folk, med Anne Marit Jacobsen som vilter, danseglad mormor, Anders Baasmo som snill far og den alltid glitrande Andrea Bræin Hovig som streng mor.
Produksjonsdesign og kostyme etablerer eit visuelt truverdig miljø. Dette er vanlege Noreg i dag, inkludert nokre smaklause, individualistiske og sjølvhevdande trekk i den unge stjernedansaren Edwin, utan at han blir karikert. Han er meir teit og kjip enn vond.
Vonleg vinn godlynte nerdar til slutt. Generelt er det god stemning. Det svingar av Inger Lise Rypdals versjon av den spanske slageren frå Melodi Grand Prix i 1973, «Eres tú» av Mocedades. Då kosar eg meg. Vonleg treffer Dancing Queen publikum filmen siktar seg inn på. Han vinn garantert hjarta til mang ein vaksen som vågar seg av garde òg.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Irene Nordli: «Vessel nr 21» (2021)
Alle foto: Mona Louise Dysvik Mørk
Ei haustutstilling med preg av sjekkliste
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Foto: Nordisk Film Production
Koseleg mobbefilm