Passeleg sentimental, passeleg brutal
The Inspection treffer både dei som likar militærfilmar, og slike som meg.
Unge, homofile Ellis (Jeremy Pope) vervar seg som marinesoldat for å koma seg vekk frå gata.
Foto: Ymer Media
Actiondrama
Regi: Elegance Bratton
The Inspection
Med: Jeremy Pope, Raúl Castillo, Bokeem Woodbine, Gabrielle Union
Kinofilm
Ellis, eller French (Pope), har budd fleire år på gata etter at den konservativt kristne mor hans (Union) kasta han ut fordi han er homofil. Ein av få sjansar han har til å koma seg vekk frå uteliggjarlivet, er å verva seg som marineinfanterist. Snurr film.
Rulett
Ung, svart homofil mann i militæret – grøss, er det fyrste eg tenkjer. Det er duka for så mykje ubehag, all den tid ein berre tenkjer på skrekkhistorier om homofobi og rasisme knytt til den type macho institusjonar. Handlinga er lagd til 2005 og basert på erfaringane til regissøren Elegance Bratton, så i det minste veit eg at han overlever til slutt...
På den skildra tida var det Irak og president Bushs krig mot terror som gjaldt. Filmen klarar få fram det ufattelege i at nokon i det heile teke vil verva seg frivillig til det som kunne verka fånyttes, og som ein russisk rulett på mange måtar. Det same ville eg sagt om nokon skulle få greia på at French var homofil og skulle dela garderobe og sovesal med ein haug testosterontunge, halvdesperate menn.
Jeremy Pope er nydeleg god i hovudrolla, det same er Raúl Castillo som instruktør og den hemmelege fantasien til French.
Lyspunkta
Heldigvis er det 2005, og verda har (på eit vis) kome eit steg vidare, noko som gjer at The Inspection har rom for nyansar, både når det gjeld rasisme og ikkje minst homofile sin plass i hæren så vel som i samfunnet. Når eg seier nyansar, så ikkje forvent noka solskinshistorie, om eg no gav uttrykk for det.
The Inspection er på mange måtar særs gjenkjenneleg i forma, og eg tenkjer særleg på klassikaren Full Metal Jacket (1987), berre at sistnemnde er langt mørkare.
Det finst mange nok lyspunkt og rørande scener til at filmen om Ellis French er både tilgjengeleg og eigentleg kommersielt publikumsvenleg, trass nedsig i tematikk. Karakterane, inkludert fæle medinfanteristar og instruktørar, fell på plass på representativt vis – slemme, greie, tøffe, svake, og den kanskje slemmaste til sjuande og sist: mora som har vendt han ryggen.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jeremy Pope er nydeleg god i hovudrolla.
Brit Aksnes om The Inspection