Meir biografi enn dikting
Ei velspelt framsyning med ein konsistent regi, men på kostnad av teksten.
Birgitte Larsen, Maria Lingfors, Seda Witt og Ragnhild Tysse i framsyninga om Sylvia Plath.
Foto: Erika Hebbert
Nationaltheatret, Amfiscenen
Cecilie Løveid:
Jeg er Sylv
Tilrettelegging og regi: Melanie Mederlind
Scenografi og kostyme: Katrin Nottrodt
Det er mykje godt å seie om innsatsen til dei fire kvinnene på scenen, som gir oss ulike nyansar av den ikoniske, altfor tidleg døde lyrikaren Sylvia Plath (1932–1963). Dei spelar med vitalitet, humør og kraft, mykje av framsyninga er prega av leik. Men livet framsyninga skal spegle på noko vis, hadde truleg meir mørke enn lys i seg. Og den muntert-teatralske tonen fangar ikkje dette så godt. Når den scenografiske og regimessige innpakninga dessutan blir så spesiell som i dette tilfellet, sit eg att med kjensla av at regissør og scenograf dreg merksemda bort frå teksten.
Rett nok skriv ikkje Cecilie Løveid A4-dramatikk. Korkje draum, eksperiment, uventa assosiasjonssprang eller fabulering er framande for henne, som også denne framsyninga viser. Men kvifor pakke det inn slik det her er gjort?
To lange, bogeforma plater, mest som skaterampar, står over kvarandre med ei lita opning mellom, som dei fire ustanseleg kryp inn og ut gjennom, nesten som ein fødsel eller ei flukt. Innhaldet blir meir biografi enn poesi, meir husmor enn poet, men den såkalla biesekvensen i den posthume diktsamlinga Ariel (1965) blir nytta for alt han er verd, i bikuben er det jo dronninga som herskar. Elles ligg mykje vekt på sorga over fråværet av den utru ektemannen Ted Hughes, og dei suicidale tendensane som fekk Plath til å gjere ende på seg. Av dette livet har Løveid skapt ein vev som gjerne kunne blitt gjord tydelegare.
Det er laga med konsekvens, det skal Mederlind ha, men det blir i meste laget. Til gjengjeld treffer musikkvalet godt, slik det vekslar mellom ulike versjonar av Schuberts «Døden og jenta» og Beatles-låta «From Me to You».
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.