To for historiebøkene
Dei unike stemmene gjev nytt liv til velbrukt repertoar.
Jazz og jul
Eva
Bjerga Haugen:
Stille grender
Eva Bjerga Haugen, vokal, piano og kalimba; Morten Askildsen, gitar; Simen Kiil Halvorsen og Thomas Bang, bass. Grappa
Jazz og jul
Trygve Seim & Andreas Utnem:
Christmas Songs
Trygve Seim, saksofonar; Andreas Utnem, piano og harmonium. Grappa
Joleplater er stort sett ferskvare som det kjem ut altfor mange av. Nokre blir kanoniserte og går inn i sneiset av plater som går i loop store delar av desember.
Båe desse platene har bestått, og dei får godkjentstempel mykje godt av same grunn. Her er det to særmerkte røyster som serverer unike tolkingar. Eva Bjerga Haugen og Trygve Seim set bumerket sitt på kvar einaste innspeling dei er med på. Det kontemplative og kammermusikalske pregar innspelingane, og eit par låtar har dei felles, elles er dei to innspelingane ganske forskjellige.
Trygve Seim og Andreas Utnem har jobba saman i mest 30 år, og Purcor (ECM, 2010) var den første utgjevinga deira. Kor mykje dei jobbar saman no om dagen, veit eg ikkje, men samspelet er komplett. Saksofontonen til Seim pendlar mellom det glasklare og ein kombinasjon av ein spesiell vibrato og mikrotonalitet som skapar assosiasjonar til arabisk musikk.
I «Koma guds englar» glir han på minimalistisk vis frå det eine til det andre. I båe uttrykka målber Seim noko sårt og klagande. Arrangementa varierer sjølvsagt med bruk av tangentinstrument, men har elles eit eins preg og lener seg i stor grad på det telepatiske samspelet.
Haugen har arrangert 11 av 13 låtar saman med gitarist Askildsen og éin saman med Jan K. Hovland. «Snow» av Randy Newman framfører ho i arrangementet til komponisten. Uttrykket blir meir samansett. Spennet frå den bluesinspirerte «Stille natt» (som minner om samarbeidet mellom Cassandra Wilson og Brandon Ross) til «Kling no, klokka» med kalimbakomp til vokalen er stort.
Det som sameiner, er den hypnotiske tiltrekkinga røysta til Eva Bjerga Haugen har. Ho har utvikla til det perfekte ein heilt særeigen fraseringskunst som stel det meste av merksemda.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Usynlege sår
Sverre Anker Ousdal, Laila Goody, Elias Holmen Sørensen, Hanna-Maria Grønneberg, Andreas Stoltenberg Granerud, Trond Espen Seim og Anne Marit Jacobsen i stykket basert på filmen til Ingmar Bergman.
Foto: Erika Hebbert
Stivbeint dramatisering, men varmt spel