Velsmakande felespel
Samspelet mellom Mjøs og Stubsveen er kontrollert
og leikande på ein gong.
Johanne Løkensgard Mjøs frå Bergen og Sigrid Stubsveen frå Engerdal byr på slåttar og drinkar i baren.
Foto: Ingrid Eriksen / Ta:lik
Folkemusikk
Johanne Løksengard Mjøs & Sigrid Stubsveen:
Slåtter fra baren
Ta:lik
Som så mange av folkemusikkplatene som kjem ut om dagen, er også denne laga av unge, velutdanna musikarar som har profesjonalisert spelet. Dei har bakgrunn frå utdanningsinstitusjonane Griegakademiet (Bergen), Ole Bull Akademiet (Voss) og Noregs musikkhøgskule (Oslo). Og det kan høyrast: Felespelet er teknisk briljant, kontrollert ned i minste detalj, og dei tostemte arrangementa er gjennomtenkte.
Difor er det underleg at det i tekstheftet som kjem med plata, står fylgjande: «Det er både ulogisk og upraktisk at en Engerdøl og en Bergenser skal finne sammen, men når den musikalske kjemien er så bra er det umulig å la være.» Dette kunne nok vore ei grei grunngjeving den gongen folkemusikken var sterkt stadbunden og mobiliteten meir avgrensa. Men elles i dagens musikkliv spelar folk den musikken dei likar, med kven dei vil. Ein spelar til dømes renessansemusikk, frijazz eller punk, uansett kor ein bur eller kjem frå. Difor er det slett ikkje underleg at gode og velutdanna felespelarar lagar god musikk saman, sjølv om dei har vakse opp i ulike delar av landet.
Tittelen Slåtter fra baren spelar på den felles interessa musikarane har for god mat og drykk. Og tekstheftet er jamvel utstyrt med oppskrifter til ein drink for kvar slått, komponert av bartenderen Lars Eide. Oppskriftene ser saktens freistande ut, men musikken står godt på eigne bein og fungerer like godt anten ein føretrekkjer julegløgg, champagne eller kefir.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.