Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Svar til HL-senteret
Siste veke hadde Vibeke Moe eit innlegg mot min kommentar «Sterke påstandar, svak undersøking» i Dag og Tid. Moe er ein av ti forskarar i prosjektgruppa bak undersøkinga til HL-senteret, og ho svarar på vegner av forskargruppa.
Helge Ingstad rettssaken – en uverdig forestilling
I disse dager pågår rettsaken mot offiseren som var vaktsjef på bro da KNM «Helge Ingstad» kolliderte og sank i Hjeltefjorden i 2018. Statsadvokaten har vurdert hele sakskomplekset og tatt ut tiltale mot vaktsjefen. Han mener dermed at vaktsjefen alene skal bære ansvaret for ulykken.
Spørsmål i samband med den høge straumprisen
Regjeringa med statsminister Gahr Støre i spissen har problem med å forklare grunnen til den unormale høge straumprisen, og dermed også den dramatiske nedgangen i oppslutninga til dei to regjeringspartia. Dei prøver å forklare det med at prisen på energi i Europa, det vil seie på kol, olje og gass, har auka svært mykje etter det russiske overfallet på Ukraina.
Slå ring kring vernet
Det var ikkje småtteri han kom heim med frå Montreal rett før jul, klima- og miljøminister Espen Barth Eide. Noreg hadde tatt plass i naturkampen sin satsebuss, koalisjonen av meir enn 100 land som ønskte å gå ut av naturtoppmøtet med ein avtale som forplikta, og slik vart det. Heime venta røynda: Om ein vil satse, må ein gjere det i praksis, ikkje berre på papiret.
Retting
Diktet «Det trengst so lita minning» av Olav Nygard stod prenta i bladet fredag 6. januar, diverre med prentefeil. I andre strofe stod «å høgst lys»; rett er «å høgste lyst». I tredje strofe stod «kjenner at bankar» og «hesperide-dagen»; rett er «kjenner at det bankar» og «hesperide-hagen».
Kvalifiserte lærarar
Det er ikkje vanskeleg å vera samd i mykje av det Hege Gjerde Sviggum skriv om dei to skulefaga musikk, og kunst og handverk i Dag og Tid 27. januar. Eg må likevel gjera merksam på at ein påstand i teksten ikkje er riktig. Sviggum skriv: «Kva skal så til for at elevane får kvalifiserte lærarar, som dei har krav på?» (mi understreking).
Feil om kraft frå Hustad
I Dag og Tid 27. januar hevdar Jon Hustad at eg ikkje gjev rett forklaring på den sterke auken i fyllingsgraden i kraftmagasina i det sørlige Noreg i fjor haust. Eg har i ein kronikk vist til at den viktigaste forklaringa var den låge produksjonen av regulerbar vasskraft. Hustad hevdar at det ikkje stemmer, og at vi vart redda av mykje regn. Vi hadde flaks som unngår rasjonering til våren, skriv Hustad.
Jau, krig endra Grieg
I Dag og Tid for to veker sidan, i saka «Krig endra Grieg», attgav og samanlikna eg dei to Nordahl Grieg-dikta «Til ungdommen» (1936) og «Øya i Ishavet» (1942): «Det er eit paradoks at me nyttar ’Til ungdommen’ som ’nasjonal trøystesong’ når Nordahl Grieg sjølv endra meining og gjekk til åtak på haldningane i diktet.» At lyrikaren i 1942-diktet siterer og kritiserer 1936-diktet, set eg i samanheng med krigsutbrotet og okkupasjonen som fann stad i tida mellom dei to dikta, og som påverka mellom andre Nordahl Grieg og Arnulf Øverland og tilhøvet deira til nasjonen og kongen, Moskva og Stalin.
Kosovo-knuter og andre knuter
Hvordan går det an å drøfte motsetningene på Balkan (Dag og Tid 20–26. januar) uten at en ser dem i lys av to sentrale folkerettslige hensyn som delvis står i motstrid til hverandre? Folkesuvereniteten bygger på folkeviljen, folkeretten bygger på mellomstatlig enighet om respekt for nasjonenes grenser og indre bestemmelsesrett. Da Norge ble en selvstendig stat, viste svenskene til at det var et brudd på folkeretten, Norge henviste til at folket stilte seg bak en løsrivelse. Vi henviste til folkesuverenitetsprinsippet.
Olav Nygard
Tusen takk til Dag og Tid for at de set fokus på lyrikaren Olav Nygard ved å trykkja dikt frå den siste diktsamlinga hans, «Ved vedbande», som kom ut for hundre år sidan, eit år før han døydde berre 40 år gammal. Det gler meg storleg!