Krig endra Grieg 3
Nordahl Grieg-dikt
I 1940 som i 2022 vart venstresida endra av krig. I eit okkupert Noreg gjekk Nordahl Grieg i krigsdiktet «Øya i Ishavet» (1942) til åtak på haldningar i utopistiske «Til ungdommen» (1936). Kor medviten kritikken av diktet var, syner eg i saka «Krig endra Grieg» (13. januar).
Kristoffer Jul-Larsen, som meiner at krig ikkje endra Grieg, protesterer i to innlegg (27. januar og 10. februar) mot samanhengen eg syner mellom dei to dikta.
Likskapen og samanhengen er openberr, line for line, intertekstuelt, i taktform og strofeform. Jul-Larsen, som meiner det er tilfeldig, skriv: «strofeform (halvparten av Grieg sine dikt er i denne forma)».
Utsegna er ikkje berre feil, men meiningslaus òg. Mangfaldet i dei strofe- og taktformene Grieg nytta, peikar jo berre endå sterkare på samanhengen mellom nett dei to nemnde dikta.
Båe dikta nyttar ei uvanleg taktform, såkalla serenaderytme: TUNG-lett-lett-TUNG-lett-TUNG. «HER er ditt VERN mot VOLD» (i «Til ungdommen») og «MØRK står en ØY av HAV» (i «Øya i Ishavet»).
Mindre uvanleg er ikkje strofeforma, som på grunn av ein liten skilnad er høvesvis nr. 401 og nr. 431 i Hallvard Lies Norsk verslære (1967). Lie kan visa til særs få dikt i denne spesielle strofeforma.
Når Grieg nytta ei strofeform frå eitt dikt i eit anna dikt, var det gjerne medvite. Om Griegs «Sang til den norske hær i Skottland» skriv Lie: «N. Grieg har lånt strofeformen fra G. Reiss-Andersens ‘Lykkens prøve’. Det er lett å forstå at nettopp dette diktet må ha gjort et sterkt inntrykk på N. Grieg.»
Men sett no at ein med «strofeform» nokså upresist meiner berre talet på verseliner i strofa? Vel, då finn ein forunderleg nok endå eit teikn på samanhengen mellom dei to nemnde Grieg-dikta. Dette poenget utelet eg frå den opphavlege artikkelen av di eg tenkte det vart for spesifikt, men no har eg fått høve til å nemna det likevel:
«Til ungdommen» vart opphavleg, i 1936, sett opp som såkalla 8-versing, det vil seia åtte verseliner i kvar strofe, medan «Øya i Ishavet» vart sett opp som 4-versing då det kom. Men så syner det seg at denne skilnaden forsvinn.
Etter at «Øya i Ishavet» vart prenta som 4-versing i samlinga Friheten (1943, 1945), vart «Til ungdommen» prenta i samlinga Håbet (1946) året etter. Og no vart «Til ungdommen» prenta som 4-versing, det òg.
Nordahl Grieg døydde som kjent i desember 1943, men eg vel å tru at det var han, og ikkje ein forlagstilsett, som sytte for at dei to nærskylde dikta fekk same tal verseliner i strofa – og dimed kom til å likna endå meir.
I undervisingsmaterialet som Nasjonal digital læringsarena har laga kring «Til ungdommen», har ein no lagt inn ei tilvising til «Øya i Ishavet» som ikkje var der før. Det er særs relevant. Slik krig endra Grieg, endrar krig menneske i dag òg.
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no