Kven skal la oljeressursane ligge?
Klima
Øystein Sjølie stiller seg i eit lesarinnlegg i Dag og Tid førre veke kritisk til at eg i min kommentar kalla det uansvarleg å opne for meir oljeaktivitet i Barentshavet. Han dreg eit for så vidt interessant resonnement knytt til at olje og gass faktisk blir brukt til nyttige føremål.
Og la det vere klart, kommentaren min handla ikkje om nytte, men om utslepp av klimagassar. I ein situasjon der FNs klimapanel og IAEA seier at mesteparten av verdas kjente olje- og gassreservar må bli liggande om verda skal klare å oppfylle måla i Parisavtalen. Då kan ein jo finne fleire argument som taler for at akkurat denne oljen i Barentshavet må pumpast opp, det som veg tyngst, er vel omsynet til norsk økonomi.
Men når ein gjer det til sitt berande prinsipp, må ein jo svare på kven det er som skal la oljeressursane sine ligge. Er det sannsynleg at Russland og Saudi-Arabia vil la sin olje ligge for å avgrense global oppvarming til maks to grader?
Ei anna sak er at denne politikken låser norsk økonomi fast i ein struktur der det mest nærliggande svaret for regjeringspartia våre er å halde fram som ein stemnar i oljepolitikken, sjølv om det er vanskeleg, om ikkje umogleg, å få det til å gå i hop med Parisavtalen sitt mål om å avgrense global oppvarming til to grader.
Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no