Me kom alle hit
Dei fleste av oss veit ikkje kvar me kom frå.
Mange av oss veit ikkje kva me eigentleg skal her.
Andre veit ikkje kvar dei skal hen,
verken her i jordelivet eller dit me dreg etterpå.
Av og til kjenner eg meg overtydd om noko.
Det er sjeldan – og det er bare om svært få ting.
Ein av dei tinga kan vera at eg kom hit
med ei oppgåve som bare er mi.
Å ta meg av den oppgåva er det eg har brukt
mi tid, mitt sinn og mitt overskot til. I alle år.
Alt anna har eg gjort med varierande hell.
Noko med entusiasme, noko med ei kjensle av plikt.
Å rusle ikring her, med sand i skorne og regn i håret,
og med ei kjensle av å sjå spora etter Kaos og Gud,
har fylt meg med motstridane kjensler; glede og gru.
Men som oftast har oppgåva mi gjort at eg kunne
vera levande til stades og sansa og sjå, lytta og le.
Gråta når gråten tok meg, og så reisa meg igjen med
morgonhimmelen sitt lys i augo: eitt med dagen
og augeblinken. Eitt med det levande, pustande.
Helge Torvund
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no