Noreg lèt oljeressursar ligge
Klima
Astrid Sverresdotter Dypvik stiller i eit innlegg i Dag og Tid 25. august spørsmålet om kva land som skal late oljeressursar ligge i bakken for at verda skal nå målet om å avgrense den globale oppvarminga til to grader. Ho trur ikkje Russland og Saudi-Arabia kjem til å gjere dette, og vil difor at Noreg skal gjere det.
Det er litt uvisse, også mellom ekspertar, om klimamålet er å avgrense oppvarminga til ein og ein halv eller to grader, men lat det ligge no.
Oppvarminga kjem i hovudsak av at menneska bruker fossil energi – olje, kol og gass. Dimed må bruken avvegast mellom desse to motstridande føremåla – å avgrense oppvarminga og å bidra til høgast mogleg velferd.
Klimamålet, anten det er ein og ein halv eller to grader, er diverre fastsett med lite eller inga avveging mellom dei to føremåla. Mange analysar tyder på at sjølv togradersmålet er for strengt, og det sjølv om politikken vart gjennomført på billigast moglege sett, med perfekt samarbeid mellom alle land. Dette målet blir ikkje nådd.
Det internasjonale klimamålet på to grader kan difor ikkje vere ei tvangstrøye for norsk politikk. Det er likevel gode grunnar til at vi avgrensar utsleppa i Noreg. Denne politikken omfattar også norsk oljenæring, som må betale dyrt for sine klimagassutslepp.
Dimed må oljeselskap i Noreg tenke på utsleppa når dei vurderer om eit felt skal byggjast ut, sidan utsleppa set tydelege avtrykk på botnlinja. Det gjer at felt med dei høgaste utsleppa ikkje blir bygde ut.
Eit absolutt forbod mot all ny oljeaktivitet på norsk sokkel vil kanskje gje lågare utslepp i verda, men til ein særs høg pris, både for Noreg og for kundane våre. Men til glede for Russland og Saudi-Arabia.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no