JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Sant og usant

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
St. Olavs hospital i Trondheim.

St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

St. Olavs hospital i Trondheim.

St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

2881
20230217
2881
20230217

Helseplattformen

Det kokar kring Helseplattformen. Ansvarlege på høgt nivå har ved ulike høve kome med opplysningar som etter mitt skjøn ikkje er heilt korrekte.

Dette vart ei sak i Stortinget då stortingsrepresentant Hilde Bae Nyholt oppdaga at den avdøde mor hennar var oppført som næraste pårørande. Som forklaring på dette svarte helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol at «Pårørendeinformasjonen i Helseplattformen er hentet fra de gamle journalsystemene til kommunene (…) eller fra St. Olavs hospital» (sitat frå Adresseavisen 12. januar 2023). Vidare seier Kjerkol at det er «ingen systematisk gjennomgang av informasjon om pårørende i pasientjournaler».

Dette er ikkje rett. Ved kvar oppstart av behandling ved St. Olavs hospital spør vi pasientane kven dei vil oppgje som næraste pårørande, slik lovgjevinga krev. Pasienten sin preferanse vart ført inn i personaliaopplysningane i det gamle journalsystemet og var tilgjengeleg der ved overgangen til Helseplattformen. Ved eit tastetrykk forsvann alle desse opplysningane tilsette samvitsfullt har henta inn.

Kva for obskur kjelde Helseplattformen har nytta når døde har blitt oppførte som næraste pårørande, treng nærare gransking.

I sjukehustalen hevda Kjerkol at «vi hadde et utdatert journalsystem med mangelfull pasientinformasjon mellom nivåene» (sitat frå Adresseavisen 18. januar 2023).

Det var openbert ein god ide å satse på ei journalløysing som betra kommunikasjonen mellom fastlegar og sjukehus. Men det vart tidleg klart at fastlegane ikkje kom til å kjøpe seg inn i Helseplattformen. Dermed fall ein heilt sentral premiss for implementeringa av Helseplattformen bort. Fastlegar har sjølv gjort greie for den manglande tryggleiken dei opplever i informasjonsutvekslinga med St. Olavs hospital no. Ikkje noko talar for at fastlegar vil kjøpe seg inn i Helseplattformen.

Private ideelle helseinstitusjonar med avtale med Helse Midt-Noreg brukar ikkje Helseplattformen. Det gjer heller ikkje dei kommersielle helseaktørane, som får fleire oppgåver knytt til nedsett kapasitet på St. Olavs hospital. Slik har Helseplattformen bidrege til at viktige helseopplysningar om kvar av oss blir meir spreidde.

Helseplattformen er eit utdatert journalprogram for amerikansk helsevesen. Det bør skrotast så fort som mogleg. Om tapet vert 4 milliardar eller 6 milliardar, er i denne samanhangen underordna. Equinor tapte 200 milliardar på skiferolje i Nord-Amerika. Også dette var «våre» pengar, om vi tek utgangspunkt i at Staten er majoritetseigar i Equinor.

Nokon har og må ta ansvaret for det feilgrepet det var å inngå avtale med Epic om Helseplattformen.

Men ansvaret er større for dei som pålegg oss å halde fram å bruke dette systemet, som tek frå oss arbeidsgleda og reduserer arbeidskapasiteten vår – og set pasienttryggleiken på spel.

Øyvind Watne er overlege ved St. Olavs hospital.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis