JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Det mørknar for bøndene

Både næringsmiddelindustri og bønder står framføre ei konkursbylgje om det ikkje kjem på plass ei ordning som dekkjer all straumbruk, meiner bonden Nils Husveg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gulrotproduksjon på Varhaug. Denne produksjonen finst ikkje lønsam lenger.

Foto: Privat

5231
20220916

Samtalen

Nils Husveg

bonde

Aktuell

Straumstøtte i statsbudsjettet

5231
20220916

Samtalen

Nils Husveg

bonde

Aktuell

Straumstøtte i statsbudsjettet

jon@dagogtid.no

Snart kjem statsbudsjettet. Der er det varsla ei eller anna form for straumstøtte til næringslivet. Men éi gruppe får alt straumstøtte. Det er produsentane av matvarer, bøndene. Dei får i dag straumstøtte på 90 prosent over 70 øre på forbruk opp til 20.000 kWh per månad. Varhaug i Hå kommune på Jæren er ein stad der det vert produsert mykje mat. Korleis fungerer straumstøtta der? Nils Husveg er bonde.

– Hovuddrifta mi er høns. Eg har foreldra til slaktekyllingane. Mine høner og hanar leverer befrukta egg. Eg nyttar omkring 200.000 kWh i året. Då får eg støtte til alt. Men eg kan vanskeleg nytta mindre straum. Det er best for hønene å ha eit turt klima inne. Eg fyrer med ei varmepumpe på 30 kW. Ofte er det 100 prosent fukt i lufta ute. Då må det mykje straum til for å få fukta ut.

– Kor stor var rekninga for førre månad?

– Ho vart på 65.000 kroner, så skal eg få straumstøtte i ettertid. Eg har ikkje finrekna på kor mykje av rekninga som vert støtte, men det er klart at eg må betala mykje meir enn i normalår. Før låg rekningane på under 10.000 kroner i månaden. Men den fyrste eg tenkte på då eg fekk rekninga, var grannen min. Han er mjølkebonde og leverer 1 million liter i året. Han er ein typisk bonde her i området, der vi driv intens husdyrproduksjon. Han nyttar langt meir enn 20.000 kWh, med mjølkerobotar og alt. Eg vågar ikkje å tenkja på kor myke mjølkebøndene må betala no.

– Kva anna enn høns driv du på med?

– Eg byrja med gulrøter i 1985. Før var det slik at det vart importert mykje grønsaker som vi kunne dyrka sjølve. Grønsakbøndene som dreiv med tidlegproduksjon her i området, prøvde å få til ei produksjonskjede som kunne levera heile året. Innkjøparane ville ikkje kjøpa inn tidlegproduksjon før dei hadde fått selt det dei hadde importert. Dei som dreiv med tidlegproduksjon, sette då ut haustgrødeproduksjon til slike som meg. Då fekk dei kontroll på marknaden og kunne få selt alt av tidlegproduksjonen i eit normalt år. Det er vorte laga eit avansert system. For å få gulrøter som toler lagring godt, roterer ein nabo og eg produksjonen, slik at jord vert nytta til gulrøter berre kvart tiande år. Min produksjon er den som vert lagra for sal om vinteren.

– Og då er vi over på lagring og straum?

– Ja, og det er i ferd med å skjera seg. Om vi ser på grønsakproduksjonen samla no, er det ikkje noko som helst økonomi i å taka opp gulrøtene og andre grønsaker. Dei eg skal levera gulrøtene til for vinterlagring, har drive godt i alle år. Dei kjem til å taka mot gulrøtene mine i år òg, men dei går med store milliontap. Ja, dei kan overleva eit uår, men ikkje fleire. Men slik stoda er no, er vinterlagring over på Jæren og i heile Sør-Noreg. Det går ikkje an å laga grønsaker for lagring.

– Kva med slakteria i området?

– Pengane renn ut, det er ikkje anna å seia. Dei er heilt ute av stand til å taka att dei auka straumkostnadene ute i marknaden. Dimed har til dømes ikkje Nortura noko anna å gjera enn å setja ned innkjøpsprisen frå bøndene. Ja, vi fekk eit godt oppgjer i år, men det er ikkje i nærleiken nok til å kompensera for dyrare straum, diesel og kunstgjødsel. Så kjem no slaktaren og seier at dei ikkje har anna val enn å betala mindre for dyra.

– Kva trur du skjer framover?

– Det eg ikkje forstår, er kvifor det har vorte eit tak på 20.000 kWh for bønder når gartneri ikkje har eit slikt tak. Det er særs mange bønder som nyttar mykje meir enn 20.000 kWh. Landbrukspolitikken vart slik for ein del år sidan at det vart oppmuntra til stordrift, til dømes innanfor mjølkeproduksjon. Dei som driv stort der, har enorme kapitalutgifter som no stig med renta. Dei nyttar langt meir enn 20.000 kWh per månad. Eg ser ikkje korleis dei skal greia seg. Så har vi slakteria som alt for lenge sidan har sett i gang jolematproduksjon, som skal langtidsmognast. Dei veit kva pris dei får for den produksjon. Dei veit at tapa vert store.

– Dei må flytta nordover?

– Ja, slakteria i Sør-Noreg konkurrer no mot mykje billigare produksjon lenger nord i landet. Då vert svaret å flytta på seg, men slikt tek år. Dessutan veit dei vel heller ikkje kor lenge straumen har normal pris der oppe.

– Men ei viss omstilling må vel til i alle høve?

– Der er mange, inkludert meg, som no ser på solcellepanel. Eg ser no på ei løysing med 100 kW, som grovt sett kan gje ein årsproduksjon på 100.000 kWh. Det kjem til å kosta meg om lag 1 million pluss MVA. Eg er i den heldige situasjonen at eg nyttar straum jamt, men for mange bønder er det ikkje slik. Dei har periodar då dei nyttar særs mykje, og andre periodar då dei ikkje nyttar noko, til dømes om sumaren. Solceller er ikkje alltid ei god løysing for dei. Eg skal nok greia meg, men eg er på ingen måte representativ. Eg ser inga anna løysing enn at for bønder og næringsmiddel må regjeringa gje straumstøtte heile vegen. Det er ingenting som tyder på at straumprisen skal ned dei komande åra heller.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg ser ikkje korleis bønder som driv stort, skal greia seg.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis