Benoit Bringer har regissert dokumentarfilmen frå Aserbajdsjan.
Foto frå fllmen
Kaviardiplomati
Despoten Ilham Alijev har i 18 år styrt den tidlegare sovjetrepublikken Aserbajdsjan som sitt eige familiefirma. Han har skaffa seg og enorme rikdommar medan folket svelt, all opposisjon blir slått ned på, og regimekritikarar blir fengsla. Men han kan kunsten å sminke imaget sitt ved å invitere store artistar som Lady Gaga, Sting, Jennifer Lopez og andre som er for fattige til å halde seg med etikk. Regimet vaskar seg òg med store sportsarrangement.
Denne filmen vann Gullpalmen på filmfestivalen i Cannes i år.
Foto frå filmen
Rått og godt
Denne filmen har skapt heftig debatt sidan han vann Gullpalmen i Cannes i år, og ein og annan norsk kinosjef er usikker på om filmen bør setjast opp. Historia om Alexia inneheld ingrediensar som sex med ein bil, grov kroppslemlesting (sjølvpåført), ein stygg freistnad på å framkalle spontanabort, ekstrem vald og bisarre scener som ikkje alltid gir nokon klar samanheng.
Australske Jennifer Peedom tek for seg samanhengen mellom elvar og siviliasjon.
Foto frå filmen
Sjå kva vi mistar
Kan film påverke haldninga vår til klimakrisa? Kva er i så fall mest effektivt – å syne kor elendig det er blitt, eller å la oss få sjå alt det fantastiske vi risikerer å miste?
John Andreas Andersen har regissert katastrofefilmen frå Nordsjøen.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
For ein katastrofe!
Kva har vi lov å vente av ein heilnorsk katastrofefilm? Først og fremst dramatiske scener, spektakulære bilete og fartsfylt action. Der leverer Nordsjøen absolutt.
Dokumentarfilmen skildrar livet og karrieren til Leonhard Cohen gjennom éin einskild song, «Hallelujah».
Foto frå filmen
Eit liv i ein song
Du veit Leonard Cohens «Hallelujah»? Sjansen er rimeleg stor for at du nikkar når du les spørsmålet. Det finst nemleg ein type song som har så sterke klangbotnar at han etter kvart finn vegen inn i både private og offentlege seremoniar av vidt ulik art, får ein sentral plass på tvers av generasjonar og slik skrir over si opphavlege, historiske forankring i sjanger, uttrykksform og tydingsrom – og «Hallelujah» er ein slik.
Dokumentarfilmen om Kasper og Amin vart vald ut til Cannesfestivalen i fjor.
Foto: Final Cut for Real
Teikn i tida
Akademikaren Amin er vellukka. Afghanaren er busett i Danmark med ein mann han skal gifte seg med. Barndomsvenen Jonas er dokumentarfilmskapar og skal lage film om historiene Amin aldri har fortalt. Han opnar seg om flukta frå Afghanistan til Danmark tidleg på nittitalet. Det var ingen enkel veg. Historia hans er samansett, lærerik, opprivande og viktig.
John Hoiland (94) er son av ein norsk innvandrar og driv ein stor ranch i Montana på gamlemåten.
Foto: FIMfilm
Den streite historia
På ein nedsliten gard i Montana bur ein einsleg, gamal mann med norsk far, men som sjølv er ein ekte, amerikansk cowboy.
Aksel Lund Svindal i utforløypa.
Foto: Field Productions / Euforia
Ikkje full akselering
Filmteamet følgjer alpinist Aksel Lund Svindal frå krossbanda hans rauk i eit utforrenn i Kitzbühel i 2016, og gjennom rekonvalesens, tilbakekomst og konklusjon.
Julie (Renate Reinsve) spring gatelangs i Oslo på leit etter fyren sin.
Foto: Oslo Pictures
Eit ekte menneske
Julie (Reinsve) bikkar snart tretti. Ho skulle først bli lege, så psykolog, før ho fall ned på foto, sidan ho har visuell teft. Deltidsjobb på ein bokhandlar passar mellombels. Ho blir saman med den suksessrike teikneserieskaparen Aksel (Lie). Han er god og grei, men er meir verpesjuk enn Julie, som ikkje veit heilt kor ho er på veg. Kanskje eit møte med Eivind (Nordrum) på fest fører til nye vegar?
James Norton spelar åleinefaren John som berre har månader att å leve. Den tre år gamle sonen Michael vert spelt av Daniel Lamont.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Tristesse utan finesse
Åleinefar og vindaugsvaskar John (Norton) veit at han har berre månader att og leva, og ved hjelp av sosialarbeidar Shona (O’Higgins) leitar han etter dei perfekte adoptivforeldra til den treårige son sin, Michael (Lamont). Eg erklærer hermed tårekanalane for opna.