Det raude, ruvande bygget Gagarine er ein sentral figur, både estetisk og narrativt.
Foto: Selmer Media
Lun elegi
Youri (Bathily) bur i blokka Gagarine i ein forstad sør i Paris. Blokka skal rivast. Når Youri ikkje arrangerer kollektivt påsyn av solformørking, freistar han fikse elektronikken i gangane for å overtyde styresmakter om å lata bygget stå. Trass i jamt over skrinne kår er folk glade i heimen og miljøet blokka er. Likevel må alle snart ut.
Regissørane Petter Aaberg og Sverre Kvamme debuterer med ein dokumentarfilm som handlar om å velje livet.
Foto: Indie Film AS
Fluge på veggen i eige liv
Sverre og Petter har kjent kvarandre sidan dei gjekk på filmfolkehøgskulen i Lofoten. Petter slit med sjølvmordstankar, og med kamera i hand bestemmer venene seg for å filma Petters nattestidleit etter andre som slit.
Filmen fortel om den mytiske og kjensleladde heltereisa til Paul Atreides.
Foto: Chia Bella James / SF Studios / Warner Bros.
Diger Dune
Alejandro Jodorowsky fekk aldri fullført. David Lynch syntest som alle andre at hans eiga filmatisering av romanen Dune av Frank Herbert var mislykka. No har entusiastar venta i spenning på det nye forsøket til Denis Villeneuve, som fekk eit massivt budsjett for å overføre det vidgjetne universet til kinolerret. Med den første av det som etter planen skal bli to filmar, har det gått bra. Særs bra.
Pål Sverre Hagen spelar Frank, som arbeider som «mellommann», han bringar bodskapen når ulukka er ute.
Foto: John Christian Rosenlund / Norsk Filmdistribusjon
But why?
Bent Hamer har gjort eit forsøk på å skråblikka USA gjennom utdrag frå ein roman av Lars Saabye Christensen. Trur eg.
Odd-Magnus Williamson spelar Kasper Berntsen (40), standupkomikaren som møter motgang i karrieren og får kreft i tillegg.
Foto: SF Norge
Grei galgenhumor
Karrieren til standupkomikaren Kasper (Williamson) går på trynet, men som forteljarstemma hans seier, kan det alltid bli verre. Den dagen han får vite at han har ein nådelaus krefttype, slår kjærasten opp. Kan eit nytt morbid utsyn gje ein siste suksess på scenen?
Naomi Kawase er regissøren bak filmen om adopsjon og mødrer.
Foto: Another World Entertainment
Strålande kontrastfylt
Det vellukka og lukkelege Kurihara-paret Satoko (Nagasaku) og Kiyokazu (Iura) har nesten slått frå seg at dei skal kunne få ein familie saman, då dei kjem over det sympatiske adopsjonsbyrået Baby Baton og bestemmer seg for å bli foreldre til barnet som 14-årige Hikari (Makita) skal føda og gje frå seg.
Rakel Lenora Fløttum som Ida og Sam Ashraf som Ben i filmen om dei uskuldige.
Foto: Mer Film
Elegant og eventyrleg
Niåringen Ida (Fløttum) flyttar til Groruddalen i lag med foreldra og den autistiske storesystera Anna. Ho får fort ein ven i Ben (Ashraf), som deler dei smått sadistiske trekka til Ida. Og kanskje litt attåt. Samstundes verkar den elles lite kommunikative Anna å finne ein fin tone med godlynte vetle Aisha. Ei eiga magisk verd veks fram, men med krefter utanom det vanlege kjem potensialet til godt og vondt. At Ida må ta vare på storesystera, blir snart det minste problemet hennar.
Australsk film har fått ein ny krimhelt i Aaron Falk (t.v.), spelt av Eric Bana.
Foto: Selmer Media
Helten, døden og den australske naturen
Når barndomsvenen drep seg sjølv og heile familien sin, må Aaron (Bana) heim i gravferda. Ikkje berre er det noko underleg med denne tragedien, men kan det vera ein samanheng med sjølvmordet til ein felles ven, Ellie, då dei var unge?
Colin Firth og Stanley Tucci spelar høvesvis Sam og Tusker som reiser attende til gamle tomter.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Kjedeleg
Sam (Firth) og Tusker (Tucci) reiser på den britiske landevegen i bubilen og oppsøkjer stader dei var på i starten av det lange forholdet sitt. Men noko er svært endra: Tusker er i ferd med å utvikla demens.
Eit bryllaup i eit av dei rikaste stroka i Mexico by endar blodig.
Foto: Tour de Force
Vill vreide
Mexico by anno no: Ein overklassefamilie feirar bryllaup bak høge murar. Ein tidlegare tilsett treng pengar til ein operasjon som skal redde livet til kona.