– Svekkjer fagrørsla og Ap i nord
I Nord-Noreg har arbeidsinnvandringa svekt fagrørsla og Arbeidarpartiet, meiner forskar Edgar Henriksen.
Ein skepsis frå kommunisttida
Mange austeuropearar er skeptiske til både fagrørsle og politikk, meiner litauiske Daina Bogdaniene, rådgjevar i Arbeidstilsynet.
Ein polsk arbeidar i sving med dekorasjonen av fortauet på Karl Johan i 2006, som ein del av Ibsen-året. Ibsen-sitatet han arbeider med er frå Peer Gynt: «Ja, tænke det; ønske det; ville det med; – men gøre det! Nej; det skønner jeg ikke.»
Foto: Mariell Amélie Lind Hansen / Aftenposten
Dei byggjer landet, men kan ikkje røyste
Arbeidsstyrken i Noreg har endra andlet raskt dei siste åra. Nesten 600.000 av dei sysselsette i Noreg – nær ein fjerdedel – kjem no frå andre land. Og heile auken i sysselsetjinga det siste dryge tiåret kjem frå utlandet, skreiv VG nyleg, med tal frå SSB som grunnlag. Den største gruppa med arbeidsinnvandrarar er komen frå EU-land i Aust-Europa, og i 2019 utgjorde den gruppa til saman 190.000 menneske i Noreg, meir enn dobbelt så mange som i 2008. Toppåret for nye ankomstar ligg rett nok eit stykke attende i tid: Det var i 2011, da det kom nesten 27 000 arbeidsinnvandrarar frå land utanfor Norden. Dei siste åra har talet vore kring 15.000, og flest kjem frå Polen og Litauen.