Quiz 8. september
Carlo Broschi (utsnitt) måla av Corrado Gianquinto (1703–1766).
Foto via Wikimedia Commons
0–6 rette: Ikkje-levande leksikon
7–9 rette: Lett nedstøva leksikon på loftet
10–15 rette: På ei god leksikonhylle
16–20 rette: Litle norske leksikon
21 rette: Levande leksikon

Dag og Tid-quizen 8. september 2023
1. Er valdagen 11. september offisiell flaggdag?
2. Kva vekedag var 11. september 2001? To andre døme på same vekedag er D-dagen 6. juni 1944 og børskrakkdagen 29. oktober 1929.
3. Ordet fredag har vorte knytt til både Frøy, Frøya og ei av hustruene til Odin. Kven då?
4. Frøya og Flatanger er to av dei tre trøndelagskommunane som startar på F. Kva heiter den siste? Han kan skilte med ruinane av Tautra kloster og det nyare Tautra Mariakloster.
5. Fyllet i Freia Fruktnøtt er hasselnøtter og kva anna matvare?
6. Er det fertil eller steril som tyder «fruktbar»?
7. Carlo Broschi vart fødd i Andria i Puglia i 1705. Under kva for eit artistnamn skulle han verte ein vidgjeten kastratsongar?
8. Salento-halvøya søraust i regionen Puglia vert gjerne omtala som kva del av den italienske støvelen?
9. Kva heiter den danske designaren (1960–2022) som starta opp i Hornbæk på Sjælland og er særleg kjend for gummistøvlar? Merket ber fornamnet og etternamnet hennar.
10. Eventyrfiguren katten med støvlane er med i kva animasjonsfilm frå 2001, som har fått fleire oppfylgjarar?
11. Kva karakteristisk augefarge har katterasen siamesar?
12. Bhumibol vart konge av Thailand i kva for eit år som sluttar på sifferet 6? Han sat fram til han døydde i 2016.
13. Blandingsforholdet i kongevatn er ofte tre volumdelar saltsyre til éin volumdel av kva anna syre?
14. Sidan 2006 har ein registrert over 100 døde ørnar på Smøla på Nordmøre, klart flest havørnar, men òg nokre kongeørnar. Kven eller kva har teke livet av fuglane? Eitt ord held som svar.
15. Kor mange slag under par i golf er ein eagle?
16. Bastianprisen vert gjeven til omsetjarar og har namn etter Ørnulf Bast, som ikkje var omsetjar. Kva for eit yrke på s hadde han?
17. Over til planteriket. Kvar finn ein bast, slik me vanlegvis forstår ordet? Svar med eit uttrykk på fire ord, her nytta i konkret tyding.
18. Jeanne d’Arc vart basta og bunden og brend i 1431 i kva fransk by?
19. Kor mange år vart franske Jeanne Calment, verdas eldste registrerte person? Svaret er eit partal, og ho levde ti år lenger enn Maren Bolette Torp, som har noregsrekorden.
20. Kva for eit passande namn har den eldste delen av Fredrikstad by?
21. Kva har me lista opp dersom Fredrikstad ligg på andreplass med 9, godt under førsteplassen på 26?
Svar på neste side
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.