JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Blodtrykk og hjarte-kar-sjukdom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Benediktinarnonner held blodtrykket nede med levemåten sin.

Foto via Wikipedia

4541
20230331
4541
20230331

President Franklin D. Roosevelt døydde plutseleg og uventa av hjernebløding i april 1945. Først i ettertid forstod lækjarane at hjerneblødinga var ein konsekvens av mange år med ubehandla og svært høgt blodtrykk.

Men i 1945 meinte dei fleste spesialistane at det var tryggast å ikkje behandla det høge blodtrykket. Dette var den vanlege oppfatninga heilt fram mot 1960-talet, jamvel blant leiande hjartespesialistar. Dessutan var det vanskeleg å behandla det høge trykket den gongen, sidan dei aktuelle medikamenta hadde mange biverknader.

Det siste fotografiet av Franklin D. Roosevelt, teke av Nicholas Robbins i Little White House i Warm Springs i USA 11. april 1945. Presidenten døydde dagen etter.

Kva er blodtrykk?

Dersom du har sett ei pulsårebløding, hugsar du det for livet: Spruten står høgt i takt med hjarteslaga, frisk og raud. Du innser med det same at blodet som sprutar, står under trykk. Normalt pumpar hjartemuskelen blodet jamt og trutt inn i eit nettverk av blodårer som gjev ein viss motstand. Såleis byggjer trykket seg opp og er maksimalt idet hjarta trekkjer seg saman, medan det fell litt når hjarta slappar av og tek inn blod.

Ved å kjenna på pulsen kan lækjaren få ein peikepinn om kor høgt blodtrykket er, iallfall dersom det er altfor høgt eller unormalt lågt. Meir presis blir målinga om ein held seg til standardmetoden som vart ferdig utvikla i 1905; med blodtrykksmansjett kring overarmen og stetoskop mot armpulsåra. Normale trykkverdiar hjå friske individ er 120/80, det vil seia svarande til ei væskesøyle på 120 mm kvikksølv for det høgaste trykket og 80 mm for det lågaste.

Etter kvart som blodtrykksmålingar vart vanlege utover 1900-talet, oppdaga dei som dreiv med livsforsikring, at trykket gav viktig informasjon om leveutsiktene. Høgt blodtrykk var assosiert med tidleg død. Personar med høgt blodtrykk kunne difor få avslag når dei søkte om livsforsikring. Lækjarane kjende òg til risikoen knytt til det høge blodtrykket, men meinte at det høge trykket var naudsynt for å sikra god blodforsyning til hjernen og hjarta – at det var «essensielt».

Kvifor stig trykket?

I nokre tilfelle kan høgt blodtrykk skriva seg frå ein kronisk nyresjukdom eller hormonelle forstyrringar, men som regel må lækjarane slå seg til ro med at årsaka er ukjend. Me veit òg at blodtrykket stig ein del med alderen, kanskje til 150/90 kring 70-årsalderen. Det skjer med dei aller fleste av oss, truleg unnateke nonner og naturfolk.

Ein studie med 30 års observasjon viste at ei gruppe nonner i Italia fekk hjarte-kar-sjukdom sjeldnare enn andre, mellom anna av di blodtrykket heldt seg på normalt nivå inn i alderdomen. Forskarane konkluderte med at livsstilen deira var utslagsgjevande. Dei levde nemleg etter Benedikts regel – nedskriven på 500-talet midt i ei uroleg tid med hektiske folkevandringar, pest og klimakrise. «Ora et labora», var oppskrifta; syt ikkje for morgondagen; lev stilt i sølibat, men likevel i fellesskap, tilbaketrekt, stabilt på éin stad; ver mild mot medsystrene og gjestmild mot alle framandfolk.

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

Dødsfall som følgje av hjarte-kar-sjukdomar i perioden 1971–2021.

Ein folkesjukdom

Først kring 1970 viste forsking at høgt blodtrykk som regel var skadeleg over tid, og at medikamentell behandling reduserte risikoen for hjarteinfarkt, hjerneslag og tidleg død.

Det er òg dokumentert at livsstilsfaktorar spelar ei rolle. Vektreduksjon, fysisk aktivitet, røykjeslutt, alkoholmoderasjon, saltrestriksjon, sunt kosthald, stressreduksjon og meditasjon kan normalisera eit blodtrykk som er i overkant.

Aktiv blodtrykksbehandling har vore med på å gje store forbetringar i folkehelsa, sidan tilstanden er utbreidd. Meir enn halvparten av norske 70-åringar tek blodtrykksmedisin. Målet med behandlinga er som regel å halda trykket under 140/90. I Noreg er mortaliteten av hjarte-kar-sjukdomar, i hovudsak hjerneslag og hjarteinfarkt, redusert med 75 prosent dei siste 50 åra (sjå figuren). I dag er Noreg blant dei flinkaste i klassen i hjarte-kar-helse, medan me høyrde heime blant verstingane i åra frå 1950 til 1970.

Kva har skjedd? Me har lagt om kosthald og røykevanar, i tillegg til at me tek medisinen vår for å regulera kolesterol og blodtrykk. Kvinner har heile tida kome best ut, også her, sidan dei utviklar hjarte-kar-sjukdom nokre år seinare i livet enn menn og har lågare mortalitet.

Blodtrykksbehandlinga har hatt stor effekt, spesielt ved å redusera førekomst av hjerneslag. Utviklinga i hjarte-kar-helse er eit godt døme på at den norske helsetenesta i dag er i toppklasse. Kan me halda oss der når overvekt er i ferd med å bli det nye folkehelseproblemet?

Haldor Slettebø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis