Aha- og uhu-opplevingar
Det var ishockeyspelaren Jack Milford som fann opp denne geniale ideen. Bilete er frå 1937, og det heile kan fort bli ei uhu-oppleving.
Foto: OldSchoolCool via Reddit.
Sport før og no
Sport før og no
Det er alltid dei som seier at «det gjekk bra før, så det går sikkert bra no òg». Det er jo sant, det. Sannsynlegvis går det fint å stå ned bakken utan hjelm. Problemet er at dei få det ikkje gjekk bra med, ikkje sit her og kan snakke for seg.
Me har blitt betre på sikkerheit og skadar både i sport og elles. Nokre vil meine me har bli for gode – at barn ikkje får brynt seg i det heile teke lenger.
I pedagogikken snakkar dei om uhu- og aha-opplevingar. For at eit barn (eller ein vaksen) skal dra nytte av ein aktivitet, må aktiviteten vere spennande nok til at barnet får gode erfaringar, altså aha-opplevingar, men dersom aktiviteten blir for spennande og risikofylt, bikkar det over i ei uhu-oppleving, og barnet kan skade seg. Kor grensa frå aha til uhu går, er individuell – og nokre gonger opp til systemet å avgjere, som til dømes når fallhøgda på klatrestativ ikkje skal vere over tre meter.
Det er faktisk ei greie at hockeyspelarar ikkje spenner igjen hjelmen, den dag i dag. I kamp er det heldigvis spennepåbod.
Foto: Matt Slocum / AP / NTB
Amerikansk statistikk viser at talet på idrettsskadar blant ungdom er nærast halvert sidan 2012. NRK skriv at det i Noreg framleis er 10.000 barn og unge som må innom sjukehus med idrettsskadar årleg, dette var i 2021. Betre utstyr og ikkje minst meir treningskunnskap, som skikkeleg oppvarming, er med på å minske talet.
Fordelen frå før til no er også at du kan forsikre dei edle kroppsdelane dine. Lionel Messi, til dømes, har forsikra venstrefoten sin for 750 millionar euro. Ikkje noko å tenke på for den jamne Dag og Tid-lesar, altså.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det er alltid dei som seier at «det gjekk bra før, så det går sikkert bra no òg». Det er jo sant, det. Sannsynlegvis går det fint å stå ned bakken utan hjelm. Problemet er at dei få det ikkje gjekk bra med, ikkje sit her og kan snakke for seg.
Me har blitt betre på sikkerheit og skadar både i sport og elles. Nokre vil meine me har bli for gode – at barn ikkje får brynt seg i det heile teke lenger.
I pedagogikken snakkar dei om uhu- og aha-opplevingar. For at eit barn (eller ein vaksen) skal dra nytte av ein aktivitet, må aktiviteten vere spennande nok til at barnet får gode erfaringar, altså aha-opplevingar, men dersom aktiviteten blir for spennande og risikofylt, bikkar det over i ei uhu-oppleving, og barnet kan skade seg. Kor grensa frå aha til uhu går, er individuell – og nokre gonger opp til systemet å avgjere, som til dømes når fallhøgda på klatrestativ ikkje skal vere over tre meter.
Det er faktisk ei greie at hockeyspelarar ikkje spenner igjen hjelmen, den dag i dag. I kamp er det heldigvis spennepåbod.
Foto: Matt Slocum / AP / NTB
Amerikansk statistikk viser at talet på idrettsskadar blant ungdom er nærast halvert sidan 2012. NRK skriv at det i Noreg framleis er 10.000 barn og unge som må innom sjukehus med idrettsskadar årleg, dette var i 2021. Betre utstyr og ikkje minst meir treningskunnskap, som skikkeleg oppvarming, er med på å minske talet.
Fordelen frå før til no er også at du kan forsikre dei edle kroppsdelane dine. Lionel Messi, til dømes, har forsikra venstrefoten sin for 750 millionar euro. Ikkje noko å tenke på for den jamne Dag og Tid-lesar, altså.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Fleire artiklar
Laurdagen starta så fint med solskin, men snart skya det til over Siglufjördur, og i kyrkja skulle det vere gravferd for Ragnar Tór Steingrímsson.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Raggi er heimkomen
Smertene festar grepet i nedre del av ryggen, i verste fall med isjias, som det heiter når smertene jagar nedover i beinet.
Illustrasjonar via WikimedIa Commons
Vondt i ryggen