Messi eller Bryne
Hunden gjer som før, han heiar på Tromsø.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Når son min ynskjer seg ei ny fotballdrakt, vil han ha den drakta 98 prosent av dei andre ungane har. Viss det ikkje er Messi eller Neymar, er det Manchester United eller Liverpool.
Kva skjedde med å heie på lokale heltar som Viking eller Bryne? Kva med å ynskje seg ein FK Toten-kaps?
Ungane har intravenøs tilgang til stjernene via mobilen sin. Viss dei får lov, kan dei dagleg sjå tusenvis av reels eller shorts av Mbappé som driblar fem på rad og scorar i krysset. Dei er heldige, dei som kan la seg inspirere av dei beste, men ei ulempe er at dugleiksgapet blir enormt. Det vil komme skuffelsar på vegen dersom det berre er Mbappé-standard som gjeld. Ei anna ulempe er at også lokalfotballen treng supporterar.
Då Messi gjekk til PSG, selde klubben 1.2 millionar trøyer. Dermed slo han salsrekorden til Ronaldo og Manchester United.
Foto: Francois Mori / AP / NTB
Før internettet fanst det færre store stjerner i kvardagen. Utanom ei oppblussing under VM kvart fjerde år og vekas tippekamp på fjernsynet måtte ein søkje lokalt for å sjå fotball. Då gjaldt det å finne seg ein lokal helt som ein kunne relatere til. Var du høg, valde du han – eller ho, om du var heldig å ha eit damelag i bygda – høge. Var du glad i ballen, fann du garantert ein lokal tilsvarande driblefant, og eit par år seinare var du kanskje like god.
No er det konfirmasjonstider. Ei lokal fotballtrøye er ei perfekt gåve. Tenk berre på den som kunne hatt ei Haaland-drakt før han gjekk til Dortmund!
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Når son min ynskjer seg ei ny fotballdrakt, vil han ha den drakta 98 prosent av dei andre ungane har. Viss det ikkje er Messi eller Neymar, er det Manchester United eller Liverpool.
Kva skjedde med å heie på lokale heltar som Viking eller Bryne? Kva med å ynskje seg ein FK Toten-kaps?
Ungane har intravenøs tilgang til stjernene via mobilen sin. Viss dei får lov, kan dei dagleg sjå tusenvis av reels eller shorts av Mbappé som driblar fem på rad og scorar i krysset. Dei er heldige, dei som kan la seg inspirere av dei beste, men ei ulempe er at dugleiksgapet blir enormt. Det vil komme skuffelsar på vegen dersom det berre er Mbappé-standard som gjeld. Ei anna ulempe er at også lokalfotballen treng supporterar.
Då Messi gjekk til PSG, selde klubben 1.2 millionar trøyer. Dermed slo han salsrekorden til Ronaldo og Manchester United.
Foto: Francois Mori / AP / NTB
Før internettet fanst det færre store stjerner i kvardagen. Utanom ei oppblussing under VM kvart fjerde år og vekas tippekamp på fjernsynet måtte ein søkje lokalt for å sjå fotball. Då gjaldt det å finne seg ein lokal helt som ein kunne relatere til. Var du høg, valde du han – eller ho, om du var heldig å ha eit damelag i bygda – høge. Var du glad i ballen, fann du garantert ein lokal tilsvarande driblefant, og eit par år seinare var du kanskje like god.
No er det konfirmasjonstider. Ei lokal fotballtrøye er ei perfekt gåve. Tenk berre på den som kunne hatt ei Haaland-drakt før han gjekk til Dortmund!
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Fleire artiklar
Laurdagen starta så fint med solskin, men snart skya det til over Siglufjördur, og i kyrkja skulle det vere gravferd for Ragnar Tór Steingrímsson.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Raggi er heimkomen
Smertene festar grepet i nedre del av ryggen, i verste fall med isjias, som det heiter når smertene jagar nedover i beinet.
Illustrasjonar via WikimedIa Commons
Vondt i ryggen