Frå spegel til rival
Dagens Næringsliv kuttar kulturmeldingar av tre grunnar. To av dei vert ikkje nemnde i kritikken av avisa.
Kvifor vel DN å slutta med meldingar av tradisjonelle kulturprodukt som bøker, film og platealbum? Valet er sterkt kritisert, og éin grunn er alle samde om: Digitalisering har gjeve ei tidlegare rein papiravis lågare inntekter frå både abonnentar og annonsørar. Ein må spara.
Grunn to
Kvifor vel ein då å spara på meldingar av tradisjonelle kulturprodukt? Grunnen er ikkje at kultur i all si breidd har vorte mindre viktig i samfunnet, eller at avis og abonnentar over natta har vorte kulturfiendslege.
Nei, grunn to handlar om at tradisjonelle kulturprodukt ikkje er til stades i samfunnet på same vis som før, nett som papiravisene. Til dømes er mange nye bøker no i røynda ikkje i handel. Du finn dei knappast i bokhandel, og på nye nettmarknader druknar dei i mangfaldet.
Grunn tre
Det leiar fram til den tredje, og eg trur den viktigaste, grunnen til at DN kuttar kulturmeldingar. Når aviser no er på same plattform som litteratur, film og musikk, og i same marknad, har dei vorte konkurrentar – om merksemd, tid og pengar.
Medan tradisjonskulturen tidlegare spegla seg i dagsavisene, med annonsar og meldingar i lanseringsperioden, har symbiosen no vorte rivalisering. Når DN løner Eskil Engdal for å skriva reportasjar med bokkvalitet og -lengd, som sidan vert bok òg, vil ikkje avisa nytta pengar og plass på å vera lanseringskanal for konkurrerande lesestoff.
Fellesmarknad
Kinofilm, bok og album spela ei viktigare samfunnsrolle i verda frå i går enn dei no gjer på verdsveven – den globale fellesmarknaden der alt konkurrerer med alt. Det er der nye kulturprodukt kjem til no, slik film, billegbok og album kom til for 100 år sidan.
Dei nye treng ikkje å tilpassa seg ei digitalisering dei er born av. Dei gamle må tilpassa seg, og DN freistar å gjera det på sitt vis.
Håvard Rem er journalist
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.