Diktet: Adolf Fredrik Kneese
I tidlegare tider vart folk – dei med midlar – gravlagde i kyrkja, under kyrkjegolv og i gravkjellarar. Diktet over er frå gravplata til ei slik grav, kista til Clara Margrethe Aagom Hartgen (1770–1797). Clara var frå Bodin, ho var gift med jekteskipper Adolf Fredrik Kneese (1757–1808) på Skagstad i Steigen. Det er i Steigen kyrkje ho er gravlagd.
Sidan det ikkje finst bevart portrett av ekteparet, har eg med eit bilete av gravplata. Teksten er frå rapportserien Tromura (nr. 20, 1991) om arkeologiske undersøkingar i kyrkja. Der peikar Gerd Stamsø Munch på den personlege tonen i diktet. Kanskje er dette ei av dei mest rørande gravskriftene vi har? Diktet har eit rotete oppsett, versjonen i denne spalta er varsamt justert.
Dei kristne referansane er typiske for tidlegmoderne poesi: Her er memento mori (hugs dauden) – «mit Ansigt og mit Legemes huus, udwiser hvad jeg döyet» – og bodskap om domedag og oppstoda. Diktet viser til Rakel i Bibelen (1. Mosebok 35,16-21), som skjenkjer mannen sin, Jakob, ein son, før ho sjølv døyr i barsel. Ho kallar sonen Benoni – som tyder «son av smerta», men Jakob endrar namnet til Benjamin, «son av lukka». Clara døydde sjølv i barsel, det er mogelegvis enkjemannen som er diktar-eget. Denne teatralske skrivemåten er òg typisk for poesi i denne perioden. Eg har tidlegare vist korleis Petter Dass gjev ordet til liket åt svigermor si i «Begravelses-Vise over Elisabet Larsdatter».
Adolf endra ikkje namnet til Benjamin. Kvifor? Det kjem fram av kyrkjeboka i Steigen, som Munch òg har undersøkt: «Madame Clara Margr. Aagum Kneses av Schagstad 26 aar gammel død i Barselseng. Jordsat i samme kiste som Moderen det dødfødte Drengebarn». Inntil kista deira låg òg kistene til dei andre to borna hennar.
Det er ei hjarteskjerande soge, uttrykt i sterke ord. Barselsdød var born og kvinners verste fiende i eldre tider. Heldigvis har vi kome lenger i dag med tanke på kvinnehelse.
Ronny Spaans
Som Rachel jeg fra Jachob gik, wed barsøls haarde plage,
mig Döden gav et morder-Stik, og sluttet mine dage.
Det Tredie Foster blew min död, og Liwets Lÿs udblæste.
Benoni udgik aw mit Schiöd og nedbröd Livets Fæste,
mit Ansigt og mit Legems huus, udwiser hvad jeg döyet,
dog war mitt hiertte til min Gud, i dödens angest föyet.
Mit Foster för ved hierttet war, i barsöls nød og qwide,
men nu jeg det i armen har og sower wed min Side.
Vi bæge schal på domedag, til Ewig Frÿd og Glæde,
wed Guds basune med behag aw Jordens stöw fremtræde;
naar min Jesu Röst den lÿder: Kom min Datter, ieg dig jnbÿder
til Ewig Herlighed.
Adolf Fredrik Kneese
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
Ei litterær føregangskvinne
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Den magiske åtinga