Diktet: Erik Bystad
Foto: Gyldendal
Det finst ein tradisjon for å nytte runde eller gilde åremål til å gi ut dikt i samling eller i utval. Slik har vi mellom anna fått gleda av å lese poesien til Erling Kittelsen (75 år i fjor) og no også Mona Høvring (60 år 8. oktober) meir eller mindre komplett mellom to permar.
Poet, essayist og Shakespeare-omsetjar Erik Bystad (f. 1952) fylte 70 år i sommar, men då det ikkje kom noka ny samleutgåve av dikta, fekk vi i staden glede oss over at alle originalutgivingane finst på biblioteket: Det er noko særskilt med å lese nett den same boka som lesaren i 1979 eller 1999 snubla over eller oppsøkte i ei «tid like virkelig som denne». Å få sjå og lese dikta kledde i den opphavlege bokbunaden, prega av si tid.
I tillegg til ei rekke omsetjingar og andre bøker har Bystad skrive seks diktsamlingar frå debuten Det heter blått i 1979 til Ingens hus i alles skog som kom ut i 1999. Diktet denne veka er eit utdrag frå eit dikt i den sistnemnde boka. Bystad skriv biletrik poesi som har jord under føtene og himmel over hovudet og rommar glimt av det mystiske eller metafysiske, utan å vere religiøse.
Det er ein variasjon i formspråket i dei seks bøkene, frå blankvers og sonettar til prosadikt og frie vers, som her. Diktet trekker fortida nærare gjennom sanselege bilete og skyv ho vekk att med å tematisere tida som går, som blir spola attende. I ei oppjaga notid, på veg inn i haustmørkeret, kan eit «solstreif» frå fortida i eit dikt frå 1999 vere det ein treng for å kjenne seg som del av ein samanheng.
Cathrine Strøm
III
Å tenke seg en sommer
og løpende føtters lyd.
Barnelatters åpne dører.
Engang før verdenskrigene,
med blomster og insekter,
og – på det samme punkt på himmelen –
den samme sol
som blinder
og gjør sløv.
Å tenke seg historien.
Støv og drømmer
spolet tilbake
til kropper, ansikter, hender.
Inn i en tid like virkelig som denne
løper skikkelser
baklengs, stakkato.
Avspillingen uendelig langsom:
Et veggur i stuens mulm. Et solstreif
mellom kjøkkenets tynne gardiner.
(…)
Erik Bystad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.