Diktet: Marie Takvam
Foto: Erik Thorberg / NTB
Marie Takvam (1926–2008) er ein avhalden lyrikar, med ti diktsamlingar utgjevne jamt i åra mellom 1952 og 1990. Ho kom frå ein gard på Vestlandet, som eldst av fem søsken, men drog fluksens til hovudstaden for eit psykologistudium, som ikkje vart fullført, då ho fekk sonen Magnus (som vart politisk kommentator i NRK og gav ut biografien Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam i 2021). Sjølv hadde Marie Takvam Barnetimen for de minste i radioen i mange år. Og skreiv eit par romanar, spelte i norsk film.
Ho var vital, ivrig, glad i naturen, gifta seg tidlig – vart eit muntert innslag i forfattarmiljøet i Oslo, der det frie verset var kome for å bli. Debutboka Dåp under stjerner kom i to opplag; «sjelden har jeg lest meg så glad over en bok», skriv Paal Brekke i meldinga si.
Kjærleik, lengt, erotikk, sorg – dette var dikt ikkje minst kvinner kjende seg att i, også når omslaget kom med samlinga Merke etter liv (1962): «Eg er eit menneske for tusan,/ og inga dokke-dame./ Eg dansar vilt ikring mi steikepanne/ og pustar raudt til argskaps iltre glo». Overgangen frå fri oppvekst på landet til «åtti kvadratmeters liv» i dagens blokktilvære har Marie Takvam betona i norsk poesi sterkare enn nokon annan. Dei to siste samlingane hennar var Aldrande drabantby (1987) og Rognebær (1990).
Blodfargen, så sentral for det temperamentsfulle, det livskraftige, det opprørske hos denne diktaren – rognebærraudt er det som gjev tonen i opningsdiktet til den tiande og siste samlinga hennar.
Jan Erik Vold
Til rognetreet
Drabantby-rogn!
Du står utan lauv,
men bæra heng att.
Stormar sender bloddropane dine
mot den våte ruta,
dreg dei tilbake,
kastar atter blod
mot mine forskremde auger.
Dropar fell raude mot snø.
Det er som om du hadde fått forstand
ved din høge alder.
Som om du vil fortelje meg noko
om vinteren i blodet mitt.
Vinteren i mine veiknande armar.
Eg forstår nok
at du vil piske redsle
inn i aldrande meg!
Kjære rognetre, tilgjev!
Eg diktar Universums vilje inn i deg
fordi du er raudt liv.
Du hiver armane dine sterkt og vilt
mellom aldrande butikkvandrarar
i drabantbyen.
Derfor tar høge makter bustad i deg
og gjer deg heilag
Marie Takvam
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fieh består av Sofie Tollefsbøl (vokal), Jørgen Kasbo (gitar), Ola Øverby (trommer), Kai von der Lippe (keyboard), Solveig Wang (synth og kor), Lyder Øvreås Røed (trompet, perkusjon og horn), Andreas Rukan (bass) og Thea Arnesdotter (kor).
Foto: Jonathan Vivaas Kise
Unorsk erkenorsk
Hoppemannen