29. juli 1959
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
I nott vakna eg: det regna. Sturtregna. Ingenting kan gleda ein bonde som regn når han lenge har venta på det og treng det. Du ligg og vaker og ottast det skal taka slutt, vil gjerne hjelpa til, er redd du kan skræma det burt. Ei god bye vart det, men i dag er det same fine veret, ser det ut til.
Henry Miller, det eg har skrive um fyrr, er berre lause innfall, utan å prøva å slå fast kva metafysisk retning han høyrer til. Han er fyrst og fremst ein typisk representant for dei antiintellektuelle straumdrag i ny tid, han hatar litteratur og kunst, det han vil, er spontan livsutfalding slik som Lawrence. Freud skulde koma inn her, – Lawrence tenkte han lenge på å skriva ei bok um. Hamsun kjem òg inn her, som han sjølv segjer. Og Rimbaud er ein av dei store profetane hans.
Men Miller vil ikkje lika du set nokon etikett på han, han vil fyrst og fremst vera fri livsdyrkar. So snart det luktar isme av noko, vert han rasande. Difor er det ikkje rett å rekna han til surrealistane, endå han er surrealist, segjer han, det har det vore alle tider. Stutt sagt: han hatar alt som heiter absolutt.
Men likevel let det seg sikkert gjera å øygna linor og meiningar hjå han som andre; sjølv um me løyser upp lover, kjem me i skade for å laga nye, menneskja er slik. Og Miller er ein stor moralist, kven kan koma undan det fundamentale som gjeld for vårt liv?
Eg vil slutta med Emersons ord: «It is not instruction, but provocation that I can recieve from another soul.» Han hadde lært sitt fag, og noko meir hadde han ikkje plass til i hovudet sitt.
1. august: Ferdig med Big Sur. Eg skal lata kritikken falla, eg er ikkje før til å døma ein slik forfattar. Det einaste eg vil segja, er at boki veks etter kvart, og det er ei herleg, tankerik og sprakande bok! Ikkje noko nytt nett, men so fengjande!
Stykket um Moricand lyt takast som eit uppgjerd med dødsdrifti hjå Miller, og er sikkert meint symbolsk. Han fær sagt det objektivt ved å skildra den attergangaren frå bohemtidi i Paris, dette kadaveret frå det moderne Babylon, som han no er ferdig med, men som fyrr trollbatt honom.
Ein samfundsrefsar av stort format.

Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fieh består av Sofie Tollefsbøl (vokal), Jørgen Kasbo (gitar), Ola Øverby (trommer), Kai von der Lippe (keyboard), Solveig Wang (synth og kor), Lyder Øvreås Røed (trompet, perkusjon og horn), Andreas Rukan (bass) og Thea Arnesdotter (kor).
Foto: Jonathan Vivaas Kise
Unorsk erkenorsk
Hoppemannen