JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Avvæpnande våpen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2368
20180302
2368
20180302

Kampane om kommunevåpen er ikkje væpna konfliktar, men det finst trufaste våpendragarar på kvar side. Nokre har sjarm som sitt sterkaste våpen, og med det kan dei avvæpna motstandarane og henta heim sigeren. Slik våpenbruk fører sjeldan til lekamlege skadar. Likevel er det ein opplagd likskap mellom handfaste og biletlege våpen: Me brukar dei til å forsvara oss sjølve og svekkja eller tyna motstandaren.

Ordet våpen (‘kamp- og jaktreiskap’) er mestsom eit hittebarn: Me veit ikkje kvar det kjem frå eller kven det er i slekt med. Men eit arveord er det, med former som norrønt vápn, svensk vapen, engelsk weapon og tysk Waffe. Av våpen har me laga oss ord som væpna og væpning. I norrøne tekster finst det òg ei yngre form av vápn, med k i staden for p, som i substantivet váknabúd (‘våpenhus’). Ivar Aasen registrerte talemålsformer som garsvokn og garsvøkn (for gardsvåpen). Han fastsette likevel våp(e)n som skrivemåte, bortsett frå når det galdt våpenhusa: Der var uttalen med k utbreidd, so i landsmål heiter det våkenhus.

Når me talar om våpen, kan me gruppera dei etter bruksmåte: Me har hoggvåpen, kastevåpen, skytevåpen, slagvåpen og stikkvåpen. Andre gonger legg me vekt på kva våpenet skal brukast til (jaktvåpen, forsvarsvåpen, avskrekkingsvåpen), eller kva det har vore bruka til: Eit drapsvåpen har som oftast vore nytta til å ta liv, men me kan òg tenkja oss at det og det hadde vore eit høveleg drapsvåpen. Elles har me abc-våpen, som slett ikkje er våpen for nybyrjarar: Det er atomvåpen og biologiske og kjemiske (eng. chemical) våpen.

Jamvel om mange ynskjer seg nedvæpning og æveleg våpenkvile, endar det stundom med oppvæpning og våpenkapplaup. Her finst ein stor våpenindustri med våpenprodusentar, våpenfabrikkar og våpensmuglarar attpå. Men eit våpen er ikkje berre ein reiskap. Me kan òg bruka våpen om (del av) ei forsvarsgrein: «Dei var i flyvåpenet saman.» Dessutan nyttar me våpen om ‘attgjeving av utsmykka skjold; skjoldliknande merke, emblem’, jamfør byvåpen, riksvåpen og slektsvåpen. I våpenstrid hjelper det nok ikkje å vera væpna med byvåpen. Merk elles at seiemåten «væpna til tennene» opphavleg vart nytta om riddarar i fullt kamputstyr. Det var mykje å dragsa på, og det er nok makelegare å gå i våpenkjole (‘uniform’).

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis